Nyheter

Pastor i megakyrkje: ‘Jordskjelvet er Guds åtvaring til Japan’

David Yonggi Cho og høgreorientert amerikansk TV-vert får skarp kritikk.

David Yonggi Cho, pastor emeritus i megakyrkja Yoido Full Gospel Church i Sør-Korea, har sagt at «jordskjelvet får meg til å undre meg på om ikkje dette er ei åtvaring frå Gud». Han sa det i eit intervju med internettavisa News Mission.

– Japan opplever mange jordskjelv, og det er beklageleg at det har vore så store tap av eigedom og liv under dette jordskjelvet, sa han og la til:

- Ateisme. – Fordi det japanske folket vender ryggen til Gud med si tru og fordi dei tilber ateismen og materialismen får det meg til å lure på om ikkje dette er Guds åtvaring til dei.

– Eg håpar at denne katastrofen kan bli vendt til velsigning og at dei brukar høvet til å vende tilbake til Herren, sa David Yonggi Cho, skriv The Hankyoreh.

Skarp kritikk. Pastoren har fått skarp kritikk for utsegnene sine. Han er blitt skulda for å vere blindt sjølvrettferdig og for å mangle dei grunnleggjande evner til miskunn, evner ein må krevje av ein religiøs leiar. Det skriv ein kommentator i avisa Korea Herald.

– Melding frå Gud. Den amerikanske høgresidas TV-vert Glenn Beck sa i eit radioprogram i mediekonsernet Fox måndag at jordskjelvet kan vere ei melding frå Gud. Han starta med å seie at han ikkje kan vite om Gud er skuld i jordskjelvet. Han sa også at han ikkje kan seie at Gud ikkje utløyser jordskjelv heller. Så sa han:

– Kva Gud gjer er Guds avgjerd, det veit eg ikkje noko om. Men eg kan seie dykk at enten du kallar det for Gaia eller for Jesus, så blir der sendt ein beskjed til oss. Og det er ‘Hei, det vi har gang i her, det verkar ikkje særleg godt. Kanskje skal vi stoppe med noko av det‘, lydde det frå Glenn Beck. Han supplerte med å seie ar Gud venteleg kunne mildnast dersom alle følgde dei Dei ti boda.

- Vanvidd. I avisa San Francisco Chronicle vert Glenn Becks ytring stempla som «religiøst vanvidd», melder AFP. Og avisa Los Angeles Times skriv at dette er det siste av fleire tankelause utsegner om Japan frå folk som er i medias søkjelys.

Goldbergs TV-kollega Joy Behar har vist til at jordskjelva har herja jorda sidan jorda blei skapt, og han spurde kva for eitt av boda Gud ønskte at folk skal følgje.

– Kva med dette: ‘Du skal ikkje fremje di eiga karriere på ryggen av det japanske folket akkurat no.’

Robertson om Haiti. TV-evangelist Pat Robertson fekk skarp kritikk under jordskjelvkatastrofen som ramma Haiti i fjor. Jordskjelvet drap minst 220.000 menneske. Han sa at jordskjelvet kom fordi folket på Haiti i si tid hadde inngått ei pakt med djevelen for å få hjelp til å bli kvitt det franske kolonistyret på slutten av det 18. århundre.

LES OGSÅ: Roibertson får hard kritikk for «djevelpåstandar»

LES OGSÅ: Robertson: Haiti straffa for pakt med djevelen

LES OGSÅ: Guds straffedom

Guvernør Shintaro Ishihara måtte tysdag be om orsaking fordi han tidlegare hadde kalla jordskjelvet og tsunamien ei guddommeleg straff. Han sa i orsakinga at han ikkje hadde tenkt på «kjenslene til offera», melder The Christian Post.

– Det er naudsynt å vaske vekk den grådige tanken - ved å bruke ein tsunami. Eg trur det er ei guddommeleg straff, sjølv om eg synest synd på offera, sa guvernøren måndag, ifølgje Kyoto News. Tysdag bad han altså om orsaking.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter