Overlevde i Chilegruva - døypt i Jordanelva
Chilenske gruvearbeidarar som overlevde 69 dagar under jorda, har vore på ei vekes pilegrImstur.
Richard Villarroel, ein av dei 33 gruvearbeidarane som sat innesperra i San Jose-gruva i 69 dagar før han vart redda i oktober i fjor, held sonen sin i Fødselskyrkja i Betlehem.)
DARREN WHITESIDE
Dei 33 gruvearbeidarane har, saman med familiane sine, vore på reise til ei rad heilage stader i Israel og på Vestbreidda. Dei var ved Klagemuren i Jerusalem, i Kapernaum ved Genesaretsjøen og i Fødselskyrkja i Betlehem.
Døypte. Fleire av dei vart døypte i Jordanelva. Etterpå sa dei at dei var gjenfødde. Ein av gruvearbeidarane, Richard Villarroel, døypte sonen sin, melder Det israelske turistdepartementet.
– No då min nyfødde er døypt i Guds namn i Jordanelva, føler eg meg tilfreds, sa Richard Villarroel
Bestill abonnement her
KJØP