USA-doktor skulda for å drepe pasient og nyfødde
Påtalemakta: Legen driv «skrekkens hus».
Lege Kermit Barron Gosnell i Philadelphia i USA er tiltalt for å ha teke livet av ein kvinneleg pasient og sju levedyktige babyar. Barna vart fødde levande i seine abortar i sjette, sjuande og åttande månad, ifølgje påtalemaktas mann, Set Williams.
Det distriktsadvokaten, påtalemakta sin øvste mann i Philadelphia, kallar «eit skrekkens hus» er ein abortklinikk. Barna vart altså fødde levande, men ryggmergen skal ha blitt øydelagt med saks, skriv CNN.
Distriktsadvokaten gav eit fælt bilete av abortklinikken: Då politiet undersøkte klinikken i fjor, fann dei kassar og flasker med aborterte foster. Møblar og utstyr var blodig.
Bestill abonnement her
KJØP