Tåregass og steinkasting på gresk kyrkjetrapp

Høgre-ekstreme innvandringsmotstandarar kasta framfor kyrkjedør i Aten.

Høgreekstreme demonstrantar ropar slagord og heisar greske flagg på trappa til Agios Panteleimonas-kyrkja i Aten søndag 15. januar.
Publisert Sist oppdatert

Meir enn 1.000 anti-rasistar, venstregrupper og innvandrarar gjennomførte søndag ein protestmarsj i Aten for å protestere mot planane om å byggje eit gjerde på grensa mot Tyrkia for å hindre illegale innvandrarar i å ta seg over til Hellas, melder telegrambyrået Reuters.

Dei vart møtte av folk frå ytre høgre som heiste greske flagg på trappa til Agios Panteleimonas-kyrkja. Dei kasta også stein på anti-rasistane. Politiet blokkerte vegar for å hindre samanstøytar.

– Over 100 medlemmar av ny-nazistiske grupper og kring 200 lokale innbyggjarar gjekk til åtak på venstreaktivistane og andre demonstrantar med steinar. Politiet brukte tåregass og flash-granatar, seier ei politikjelde.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP