Liam Neeson: Kristus-symbolet Aslan kan vere Muhammed
Gjer C.S. Lewis-vener opprørte.
Liam Neeson som gjev stemme til Aslan i den nye filmen om Narnia, møter dronning Elisabeth under premieren for filmen Reisen til det ytterste hav i London 30. november.
Reuters/Scanpix
Løva Aslan i C.S.-Lewis-bøkene om Narnia er eit klart Kristus-symbol. Det gjorde forfattaren sjølv klart.
Men no skaper skodespelaren Liam Neeson, som gjev stemme til Aslan i den siste filmen om Narnia, bråk. Han hevdar at løva i Narnia også er bygt på andre religiøse leiarar som Muhammed og Buddha.
Vener av historiene til Lewis hevdar derimot at Neeson undergrev arven etter Lewis fordi han «ønskjer å vere politisk korrekt».
Bestill abonnement her
KJØP