Irland skaper datatrøbbel for Israel
Landet skuldar framleis Israel for bruk av falske pass. No stikk dei kjeppar i hjula for eit samarbeid med EU.
Israel må vente på å få lov til å utveksle sensitive personopplysningar med EU.
Scanpix/Junge, Heiko
Hamas-leiaren Mahmoud al-Mabhouh blei drepen i Dubai i vinter og mange meiner det var den israelske etterretningstenesta Mossad som stod bak, sjølv om Israel ikkje har innrømt noko som helst. Fleire av dei som var med på komplottet skal ha forfalska pass frå Australia og forskjellige europeiske land - blant anna irske pass. Som følgje av den saka viste irane ut ein israelsk diplomat.
Derfor set no Irland kjeppar i hjula for at ein avtale om utlevering av data mellom EU og Israel skal bli underskriven. I staden for at den berre kan bli dytta gjennom byråkratiet, forlangar irane at EU-kommisjonen skal sjå på avtalen.
Det skriv det engelske teknologimagasinet The Register
Bestill abonnement her
KJØP