Desse skal seie ja eller nei til seinabortar
Ny sentral klagenemnd oppnemnd i statsråd i dag.
Professor Britt Ingjerd Nesheim er oppnemnd som leiar av den nye, sentrale abortklagenemnda.
Tor Richardsen/Scanpix
Stortinget har tidlegare vedteke at det skal opprettast ei sentral klagenemnd for abortinngrep etter 12. veke. Nemnda vart oppnemnd i statsråd fredag. Den skal verke frå 15. februar 2010 til 15. februar 2014.
I dag er det regionale klagenemnder for kvinner som får nei til abort etter 12. veke. Desse regionale nemndene vert no fjerna og erstatta med ei sentral klagenemnd. Grunngjevinga er ein heil lik praksis landet over. Nemnda skal ha sete i Oslo.
Leiar: Professor dr. med. Britt Ingjerd Nesheim, Oslo. Professoren i fødselshjelp har hatt sentrale leiarstillingar ved Kvinneklinikken på Ullevål universitetssykehus i Oslo og er i dag prodekan for undervisning ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo.
Bestill abonnement her
KJØP