Skaut abortlege forsvarar seg i retten
Scott Roeder vedgår drap, men nektar straffeskuld.
Scott Roeder under ei førebuande rettshøyring i Wichita, Kansas, 28. juli i fjor. No er rettssaka mot han i gang.
Jaime Oppenheimer/Scanpix/Reuters
Rettssaka mot Roeder starta i Kansas i USA fredag, på 37 års dagen for avgjerda i høgsteretten om å godta fri abort i USA i saka Roe vs Wade i 1973.
LES OGSÅ: Tiltalt for drap på abortlege
Roeder skaut og drap ein lege, George Tiller, som utførte abortar seint i svangerskapet. Drapet skjedde 31. mai i fjor. Han skaut då Tiller var på veg til gudsteneste i Reformation Lutheran Church i byen Wichita i Kansas.
Bestill abonnement her
KJØP