Planar om mega-moské i London stogga

Islamsk gruppe må gje opp omstridd prosjekt.

Her reiser Olympiastadion for 21012 seg. Rett ved skulle det reisast ein gigant-moské med plass til 12.000 menneske. Den blir det no ikkje noko av, ser det ut til.
Publisert Sist oppdatert

Planane om ein gigant-moské med plass til 12.000 i London, kollapsar, ifølgje avisa The Times . Gruppa som står bak planane om det islamske gudshuset nær det olympiske senteret for London 2012, Tablighi Jamaat, er blitt fjerna frå tomta der den illegalt har hatt ein mellombels moské.

Planane om ein kjempemoské har vore kontroversielle. Det muslimske rådet i Storbritannia hevdar at gruppa er blitt offer for «ugrunna fiendskap og hysteri».

Men ein annan muslimsk organisasjon helsar avgjerda velkommen. Minhaj ul Quran som er rådgjevar for regjeringa om korleis ho kan nedkjempe ung radikalisme, seier ifølgje The Times at ein stor moské må vere ei samfunnssak og ikkje for ei gruppe med ekstremistiske band.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP