Hylla «britiske Schindler»

Han berga nær 700 jødiske barn frå den visse død under nazistane.

Nicholas Winton møtte fredag «Winton-barna» og slektningane deira i London. Han berga deira frå ein sikker død i nazi-konsentrasjonsleirar.
Publisert Sist oppdatert

Eit spesialcharta tog kom til London fredag for å ære redningsaksjonen som berga nær 700 tsjekkiske jødiske barn rett før starten av den andre verdskrigen.

Den kjende «Kindertransport» i september 1939 berga 669 jødiske barn og vart organisert av Sir Nicholas Winton.

Winton fylte 100 i mai. Han var på plass på Liverpool street stasjon for å ta imot 22 av dei barna han berga frå den sikre døden under nazistane, skriv avisa The Times i nettutgåva si. Dei er no blitt eldre menneske.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP