Den største syndaren

Paulus, den store apostelen, kalla seg for ein stor syndar, ja den største syndaren av alle: «Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største.» Korleis kan dette henge saman? undrar Hans Johan Sagrusten i andakten.

Publisert Sist oppdatert

Eg har møtt slike menneske sjølv. Dei er audmjuke og varmhjarta kristne. Dei er glade i både Gud og medmenneska sine. Dei er rett og slett gode eksempel på korleis ein kristen skal leva synest eg. Men sjølve synest dei at dei er store syndarar.

Mange blir motlause når dei oppdagar meir og meir synd hos seg sjølv. Dei vågar snautt å kalla seg kristne, for dei synest ikkje dei er verdige til det. Då er det viktig å sjå kva Jesus har sagt om Anden.

Jesus sa at den djupe sjølvinnsikta er eit verk av Den heilage ande. Han at Anden skal «gjera det klårt for verda kva synd er» (Joh 16,8). Den heilage ande viser oss kva som er synd i livet vårt, for at vi skal sjå at vi treng Jesus som vår Frelsar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP