Paven blir nettkjendis

Den katolske kyrkja satsar tungt på YouTube.

Pave Benedikt XVI blir snart å finne på Youtube.
Publisert Sist oppdatert

Vatikanet har inngått ein avtale om samarbeid med nettstaden Youtube, melder den svenske avisa Dagen.

Tanken er at katolikkar og interesserte over heile verda skal få tilgang til levande bilete av pave Benedikt XVI og diverse kyrkjelege arrangement. Avtalen skal ifølgje nyhendebyrået Reuters presenterast på ein pressekonferanse neste veke. Dette skal vere den største satsinga den katolske kyrkja nokon gong har gjort på internett.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP