Fykse Tveit: Beundrar muslimkontakt

Olav Fykse Tveit gler seg over misjonsiveren til Aril Edvardsen og det sterke engasjementet for samarbeid med andre kyrkjer.

Olav Fykse Tveit (t.h.) beundrar no avdøde Aril Edvardsen (t.v.) for misjonsiver og muslimkontakt. Her er dei saman med OKS-pastor Åge Åleskjær (i midten).
Publisert Sist oppdatert

Fykse Tveit vart kjent med Aril Edvardsen dei siste åra. I fjor vart generalsekretæren i Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kyrkja invitert til Sarons Dal for å preike på sommarstemna, og dei møttest også i andre samanhengar.

Han har alltid ligge framom. Han inspirerte meg med det kraftfulle engasjementet for misjon. Edvardsen ivra for at lokale skulle ta ansvar for misjon. Eg ser opp til den store verksemda han har bygt opp i Sarons Dal, seier Fykse Tveit.

Jesusvitne saman. Han er også svært glad for det økumeniske, felleskyrkjelege, engasjementet til Aril Edvardsen. Fykse Tveit fortel at Edvardsen var ein pådrivar for å etablere Norges Kristne Råd og også for at frikyrkjene og pinsevenene skulle vere med i dette nasjonale kyrkjelege fellesorganet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP