Nyheter

Hatar skulen tenner på

Unge tek ut aggresjon og hat ved å tenne på skulen, trur psykolog.

I 2007 måtte brannvesenet rykkje ut ved 81 brannar i norske undervisningsbygg. Så langt i år er talet 38.

Etter eit rekordår i 2000 med 99 brannar, har brannvesenet i åra etterpå rykt ut til kring 60 skular, før talet steig til 81 i fjor.

Politiet har ved innpå annankvar skulebrann mistanke om at dei er påsette.

Mørketal. Dei verkelege tala for branntilløp ved norske skular er nok langt høgare enn tala over kor mange gonger brannvesenet har rykt ut med sirener.

Ei undersøking Norsk brannvernforening og forsikringsselskapet Vesta gjorde i fjor, viste at 190 skular det siste året hadde opplevd forsøk på å tenne på skulane eller tenne på søppelbøtter og containerar ved skulane. 60 av skulane hadde opplevd meir enn eitt tilfelle av påsette branntilløp. Brannvernforeininga er i ferd med å oppdatere undersøkinga.

Aggresjon. Psykolog Atle Dyregrov trur mange påsette skulebrannar skuldast at unge menneske tek ut frustrasjonen sin.

Skular er lett tilgjengelege og er ein stad der det er lett å markere seg i gjengen. Somme har også hatt negative opplevingar på skulen. Dei uttrykkjer aggresjonen ved å tenne på, seier Dyregrov ved Senter for krisepsykologi i Bergen.

Han har studert skulevald og kommentert utanlandske tilfelle der unge menneske skyt uskuldige menneske på skular. Psykologen seier at vi aldri kan forsvare, men prøve å forstå for å forhindre.

Særleg der skular har eit klima der elevar ikkje kjenner at dei høyrer til, der dei får stadfesta at dei er taparar eller lite verd, kan grobotnen leggjast for motvilje og aggresjon mot skulen, kommenterer Dyregrov.

Han legg til at dersom elevar tidlegare i livet har opplevd neglisjering, omsorgssvikt eller overgrep, vil dei endå lettare oppleve ein skulekultur som ikkje ivaretek dei, som ein trussel.

Han meiner det avgjerande er korleis skulen klarar å ivareta den enkelte.

Normsvikt. I Danmark vart det registrert 250 skulebrannar i 2007, halvparten vart rekna som påsette.

Velferdsminister Karen Jespersen i Danmark meiner at dei mange brannane på skular er uttrykk for ein alvorleg svikt i normer. Ho meiner at dagens ungdomsåtferd er ei følgje av den la-skure-pedagogikken som kom i kjølvatnet av ungdomsopprøret i 1968. I ein kronikk i avisa Politiken skriv ho at oppseding nærast vart eit skjellsord og at altfor mykje vart overlate til barna.

Ho skriv at ein i oppsedinga av dei unge må gje dei unge ei kjensle av at samfunnet har bruk for ressursane deira. Ho meiner at ein også må setje normer og personleg ansvar i høgsetet.

Eg nektar å høyre på forklaringar om at det er samfunnet si skuld. Det burde vere innlysande at det enkelte menneske og den enkelte familien i samfunnet vårt har eit ansvar for å tileigne seg dei verdiane og normene som vi har utvikla gjennom fleire hundre år, skriv Jespersen.

Samansette grunnar. Dyregrov ser heller ikkje bort ifrå at det kollektive ansvaret er dårlegare, at færre enn før bryr seg om at noko går ut over andre. Men utviklinga av det sosiale samvitet vil han overlate til samfunnsforskarar å kommentere.

Dyregrov trur for sin del at årsakene til at unge tenner på ein skule, er samansette.

Han er heilt samd i observasjonen til Jespersen om at det er så lett å skulde på samfunnet.

Vi skal ikkje heile tida leggje skulda på samfunnet. Men vi skal heller ikkje gjere noko enkelt som er samansett. Når barn og unge kjem frå familiar der normer ikkje er utvikla og der dei unge sjølve kan ha blitt hundsa, blir det for enkelt å skulde på den unge, seier Dyregrov.

Han tek til orde for meir systematisk hjelp til foreldre som eit middel til å førebyggje at hat og aggresjon vert teke ut.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter