Sa ja til blanding av dyr og menneske

Kontroversiell forsking fekk støtte i Underhuset i London.

Stamceller frå eit spirande menneskeliv, eit befrukta egg som har delt seg. Skal britiske forskarar få lov å setje menneskeleg arvestoff inn i ei dyrecelle for å få stamceller?
Publisert Sist oppdatert

Med ei overvekt på omlag to til ein avviste Underhuset i London måndag kveld forslag om å forby å lage menneskeembryoar, spirande liv, der delar av arvestoffet kjem frå dyr, melder avisa The Independent .

Forskarane hevdar at teknikken vil hjelpe dei til raskare å få medisinske framsteg med hjelp av stamceller. Dei fekk støtte både av statsminister Gordon Brown og opposisjonsleiar David Cameron. Men kritikarane meiner at blanding av arvestoff frå dyr og menneske er uetisk og at teknikken slett ikkje er nokon garanti for medisinsk suksess i kampen mot alvorlege arvelege sjukdommar. Motstandarane sa at Storbritannia «kryssa Rubicon» og ville bli ein «røvarstat», skriv avisa The Daily Telegraph.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP