Paven åtvarar mot makta til vitskapen
Pave Benedikt XVI langar ut mot naturvitskapen sin ambisjon om å forklare den menneskelege eksistensen.
Pave Benedikt XVI møter ortodokse prestar på slutten av audiensen sin denne veka i Vatikanet, 30. januar.
Scanpix-Reuters
På eit møte i Vatikanet sa paven torsdag at forsking i stamceller og utsiktene til kloning av menneske har kasta mørke skuggar over menneskeverdet. Han understreka at oppgåva til kyrkja er å forsvare «dei store verdiane» som står på spel i møte med utviklinga innan bioteknologien.
Talen til paven var den siste i ei rad talar der pave Benedikt XVI understreka at vitskapleg utvikling ikkje må aksepterast kritisk.
– I ei tid der vitskapen tiltrekkjer og forfører med sine mange mulegheiter, er det meir viktig enn nokon gong å utdanne medvetet i samtida vår slik at vitskap ikkje blir kriteriet for det gode, sa paven måndag. Han talte for ei forsamling av akademikarar ved eit arrangemnt støtta av det vitskaplege akademiet i Paris.
Bestill abonnement her
KJØP