Politi storma metodistkyrkje
Arresterte 1500 heimlause i Johannesburg, Sør-Afrika
Sør afrikansk opprørspoliti, her under ein aksjon under ein konferanse mot rasisme i Durban i 2001.
Scanpix-Reuters
Politiet storma torsdag den sentrale metodistkyrkja i Johannesburg og arresterte 1500 heimlause som hadde søkt tilflukt i kyrkja. Mange av dei er frå Zimbabwe. Biskopen er opprørt.
Biskop Paul Verryn har spelt ei nøkkelrolle i å ta omsorg for flyktningar og asylsøkjarar frå Zimbabwe ved å gje dei rom i kyrkja si. Han var krass i fordømminga av den massive bruken av fysisk makt som politiet viste. Han kritiserte også politiet for å storma eit heilagt bygg og krenka arbeidarar og heimlause.
– Dei hadde ingen rettsordre, sa Verryn til sør-afrikansk kringkasting om politiaksjonen. Han klandra politiet for å ha dytta han rundt. Han seier at han ville ha samarbeid med politiet dersom dei bad om hjelp for å etterforske lovbrot. Men måten politiet handterte dei arresterte på, var eit klart brot på rettane deira og eit angrep på kyrkja som institusjon, sa biskopen.
Bestill abonnement her
KJØP