Lesbiske mødre slåss om barna

To lesbiske kvinner som gifta seg, kjempar no om foreldreretten etter skilsmissa. Begge har same argumentet: Eg er mora!

Publisert Sist oppdatert

Det tre år gamle ekteskapet mellom dei to kvinnene i Massachusetts i USA rauk, og dei to kvinnene gjekk frå kvarandre. Den eine av kvinnene, ein 44 år gammal lege, trudde at dei to skulle dele eigedom og foreldreskap til dei to borna.

Men den heimeverande kvinna i ekteskapet ville på si side ha foreldreretten til barna åleine, inkludert retten til å flytte begge barna ut av Massachusetts. Overfor dommaren argumenterte begge to med at dei er mora.

Mor har hatt ein forrang i familieretten når kamp om foreldreskap kjem for retten i USA. I 2004 innførte høgsteretten i delstaten Massachusetts ekteskap av likekjønna partnarar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP