– Hamas ønskjer våpenkvile

Samtalar med andre palestinske grupper i Gaza for å stoppe angrep på Israel.

Militante Hamas-medlemmar deltok fredag i gravferda etter ein Hamas-aktivist som vart drepen i ein israelsk militæraksjon i Gaza torsdag.
Publisert Sist oppdatert

Ein leiande talsmann for Hamas opplyser dette i eit intervju med den arabiskspråklege avisa Asharq Alawsat i London laurdag. Han snakka på vilkår av anonymitet. Han sa at forslaget som blir diskutert, er ei vilkårslaus bilateral våpenkvile med Israel.

Hamas gjentek at organisasjonen er imot ein diplomatisk avtale med Israel og seier at Hamas ser på Israels eksistens som ein fare for regionen og ikkje berre ein fare for palestinarane.

Radioen til dne israelske hæren rapporterte også søndag at Al-Jazeera, ein saudiarabisk avis, kunne fortelja at Hamas pressar Islamsk Jihad til å stoppe åtak med Kassam-rakettar mot israelske byar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP