Tysk hjelpearbeidar på veg heim

Den tyske hjelpearbeidaren Christina Meier som vart sett fri i ein politi- og militæraksjon i Afghanistan, er på veg heim frå Kabul.

Slik vart den kidnappa Christina Meier framstilt i ein video frå kidnapparane.
Publisert Sist oppdatert

Det opplyser ein talsmann for den kristne hjelpeorganisasjonen Ora International. Meier og ektemannen skal vere ombord i eit tysk militærfly.

Norske spesialstyrkar tok del i operasjonen der ikkje eit einaste skot vart losna. Forsvaret vil ifølgje Aftenposten ikkje kommentere den norske detalkinga i aksjonen.

Ora International er ein kristen hjelpeorganisasjon som har operert i Afghanistan sidan 1991. No har organisasjonen innstilt arbeidet i Afghanistan nokre dagar på grunn av gisseltakinga. Det opplyste landdirektør Joop Teeuwen tysdag.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP