Ber kristne dra til Syria
Biskop Ole Christian Kvarme vart overraska over kor gode forhold det er mellom kristne og muslimar i Syria.
Oslo-biskop Ole Chr. Kvarme er glad for den rause mottakinga i Syria og tilrår landet som reisemål for norske kristne.
Scanpix
Han meiner norske og andre vestlege kristne bør gjere Syria til reisemål. Og han vil be Kirkens Nødhjelp vurdere om det er råd å gje hjelp også til irakiske flyktningar i Syria i tillegg til dei som har kome til Jordan.
Kvarme leier ein norsk kyrkjedelegasjon som har vore fire dagar i Syria og no er i Amman i Jordan.
– Vi vart overraska over kor fredeleg og trygge forholda er i Syria i dag. Og vi vart overraska over kor gode relasjonar det er mellom kristne og muslimar i Syria, seier Kvarme til Vårt Land frå Amman. Delegasjonen har møtt kristne leiarar og fleire muslimske leiarar i Syria.
Bestill abonnement her
KJØP