Ville hatt strengare lov
Rune Skjælaaen (Sp) går langt i å vedgå at han ville hatt ei strengare biolov.
Rune Skjælaaen (Sp) hadde problem med å stemme for den nye biolova i Stortinget i dag, men som medlem av det raud-grøne fellesskapet gjorde han det.
Scanpix
– Det er openberrt for dei fleste at nokon i Senterpartiet ville hatt ei meir restriktiv lov enn den vi behandlar, sa Skjælaaen i innlegget sitt.
Bryt
Lova bryt med programmet til Senterpartiet, eit program som mellom anna vil ha forbod mot forsking på befrykta egg. Men delar av slaget tapte Senterpartiet på Soria Moria. Resten av drakampen skjedde i regjeringa og mellom stortingsgruppene til regjeringspartia før lova kom til Stortinget.
Bestill abonnement her
KJØP