0,23 prosent av Equinors produksjon er fornybar
KLIMA: Seks år etter at Statoil byta namn til Equinor, kjem framleis over 99 prosent av energiproduksjonen frå olje og gass. Greenpeace kallar det «tragisk» og «latterleg».
STOR: I 2020 opna Johan Sverdrup, det tredje største oljefeltet på norsk sokkel. Equinor er operatør.
Carina Johansen/NPK
I mai 2018 gjekk det tradisjonsrike selskapet Statoil over til å heita Equinor. Dåverande konsernsjef Eldar Sætre sa at vedtaket om namnebyte var den «mest emosjonelle avgjersla» han hadde teke.
– Når me ser fram mot dei neste 50 åra, den globale energiomlegginga og korleis me utviklar oss som eit breitt energiselskap, har det blitt naturleg å endra namnet vårt, sa Sætre i ei pressemelding.
Men seks år etter namnebytet er Equinor framleis hovudsakleg ein olje- og gassprodusent.