Nyheter

Skulle bli tvangsreturnert - får søkje opphald

Sara Kebede Worku trudde ho var omfatta av ei eingongsløysing for ureturnerbare asylsøkjarar. Brått sat ho på ei celle. I dag blei ho sett fri.

Bilde 1 av 3

Ut porten på den fengselsliknande institusjonen som ber namnet Politiets utlendingsinternat, kjem ei 63 år gammal etiopisk kvinne. Saman med henne går advokaten hennar, André Møkkelgjerd.

Sara Kebede Worku stoppar opp, strekkjer ut armane mot mannen som helsar henne velkomen, styreleiar i hjelpeorganisasjonen Mennesker i Limbo, Tor B. Jørgensen. Dei to kjenner kvarandre godt gjennom arbeid i organisasjonen.

Worku er eit einaste stort smil. Jørgensen får ein bamseklem.

– Eg er veldig glad. Tusen takk til alle som har støtta meg. Tusen hjarteleg takk.

Tatt før helga, skulle tvangsutsendast frå Norge

Ho er låst ut til fridom. Og kanskje til eit lovleg opphald i Norge. Når regelverket er på plass kan Worku søkje om å bli omfatta av regjeringas eingongsløysing for lengeverande, ureturnerbare asylsøkjarar.

Vårt Land er på Trandum, kort veg frå flyplassen på Gardermoen. På «utlendingsinternatet» med plass til 220 plasserer Politiets utlendingseining (PU) utlendingar som ikkje har lovleg opphald i Norge.

Hit kom Sara Kebede Worku sist veke. PU pågreip ho i Oslo. Worku hadde ikkje lovleg opphald i landet. Trandum skulle bli siste stopp før ho blei tvangsutsendt, til heimlandet Etiopia. Med rettens avgjerd kan utlendingar internerast på internatet i inntil fire veker i slengen. Worku var i tingretten fredag.

63-åringen har endeleg avslag på asylsøknaden ho leverte i 2002. Ho har kome i gruppa ureturnerbare asylsøkjarar fordi ho manglar sikker ID. Dermed har heimlandet Etiopia nekta å ta i mot henne. Men Norge har fornya avtalen med Etiopia om tvangsreturar.

Sara Kebede Worku har oppheldt seg i Norge i 18 år. Ho søkte asyl i 2002, men fekk avslag. No kan ho søkje opphald gjennom eingongsløysinga til regjeringa.

Venta på å søkje om å få amnesti

Då PU pågreip Worku sist veke, levde ho i den trua at ho var omfatta av eingongsløysinga for lengeverande, ureturnerbare asylsøkjarar. Ho gjekk berre rundt og venta på at Justisdepartementet skulle få på plass det nye regelverket slik at ho kunne få søkje om opphald i Norge.

Ho var slett ikkje budd på å få ein einvegsbillett til Etiopia.

Hjartesak frå KrF: Gi amnesti for eldre, ureturnerbare asylsøkere

Arbeidet med eingongsløysinga tok tid.

Forslaget til regelverk kom på plass måndag, etter hektisk arbeid i eitt departement - og to parti.

Alt starta på Granavolden i januar i fjor. Då KrF steig inn i regjeringa, blei dei fire borgarlege partia samde om det som er ei hjartesak for KrF: Regjeringa skal «legge til rette for en engangsløsning for eldre, ureturnerbare asylsøkere som har bodd lenger enn 16 år i Norge.»

I 11 månader krangla KrF og Frp om detaljane i eingongsløysinga. Frp ville at ho skulle femne få, KrF mange. Fem dagar før jul var dei samde om amnesti for ureturnerbare asylsøkere, som «har samlet alder og oppholdstid i Norge på minst 65 år (…) Oppholdstiden må være minst 16 år», melde Justisdepartementet.

Har vore i Norge i 18 år

Medan KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad og regjeringas nye justisminister, Høgres Monica Mæland, arbeidde med endringane i utlendingsforskrifta, som skal regulere amnestiet, pågreip PU Sara Kebede Worku.

Ho er 63 år og har opphalde seg i Norge i 18 år, altså 81 år til saman. Regjeringas grense går ved 65 – og 16 år i Norge.

Måndag spurde Vårt Land PU kvifor Worku blei pågripen, for å bli tvangsutsendt til Etiopia, medan regjeringa finpussa eingongsløysinga. Håvard Bekk, leiar for seksjon for ID-avklaring i PU, svarte skriftleg at PU ikkje kan kommentere einskildsaker, men at PU kan «pågripe og internere personer som oppholder seg ulovlig i Norge for å gjennomføre ID-undersøkelser. Om personens identitet blir verifisert må PU ta stilling til om vilkårene for tvangsretur er tilstede…»


Her, på utledningsinternatet på Trandum, sat Sara Kebede Worku sidan førre veke. Foto: Erlend Berge

Instruks: Ikkje send ut asylsøkjarar i målgruppa

Måndag morgon stilte Vårt Land to spørsmål til Justisdepartementet (JD):

Er forskrifta som skal regulere eingongsløysinga snart klar? Vil departementet instruere utlendingsstyresmaktene om å utsetje tvangsretur i dei aktuelle sakene?

Måndag kveld kom svaret: «Justis- og beredskapsdepartementet har sendt forslag til endringer i utlendingsforskriften om en engangsløsning på høring. Forslaget innebærer at utlendinger med lang oppholdstid i Norge kan få oppholdstillatelse».
Justisdepartementet varsla samstundes at tvangsreturar av personar i målgruppa ikkje skal finne stad.

Tysdag morgon fortalde Jon Andreas Johansen, fungerande seksjonsleiar i PU, at Workus opphald på Trandum var over:

«Vi kan bekrefte at PU har sendt ordre om løslatelse og at interneringen av personen opphører i dag», skreiv han i ein epost til Vårt Land.

To og ein halv time seinare var Sara Kebede Worku på nytt ei fri kvinne.

LES MEIR:

• Trudde på amnesti – henta av politiet

• Etiopisk kvinne blir ikke tvangsutsendt

---

Ureturnerbare

  • Rundt 3.000 ureturnerbare asylsøkjarar oppheld seg i Norge, dette er personar med endeleg avslag på asylsøknaden, som ikkje kan returnerast til heimlanda med tvang, dette fordi dei manglar godkjent ID eller at heimlanda ikkje vil ta i mot dei.
  • Under forhandlingane om politisk plattform for den borgarlege firepartiregjeringa fekk KrF inn eit punkt om ei eingongsløysing for lengeverande, ureturnerbare asylsøkjarar.
  • Måndag blei regelverket for løysinga sendt på høyring.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter