Vil gje utlendingar ID-kort
I år skal nordmenn få nasjonalt ID-kort. Skatteetaten ønskjer også å gje kort til utlendingar med lovleg opphald i landet. Slik kan ein hindre at identitetar blir brukt av kriminelle.
Slik kan Norges nye nasjonale identifikasjonskort bli sjåande ut. Utkastet blei lagt fram av Politidirektoratet i fjor. Etter planen skal alle norske statsborgarar få slikt kort i år.
Politiet
I år skal alle norske statsborgarar få nasjonalt ID-kort med elektronisk ID, lovar Justisdepartementet. Arbeidet med kortet starta heilt tilbake i 2007, og skulle vore avslutta i 2016. Sidan er sluttføringa av nasjonalt ID-kort, som til dømes kan brukast som reisedokumentasjon i utlandet, blitt utsett fem gonger.
No ønskjer skattedirektør Hans Christian Holte at retten til å få ID-kort skal bli utvida til å omfatte fleire enn norske borgarar.
– Som skattedirektør er eg mellom anna ansvarleg for at samfunnet får inn rett skatt frå rett person, og for at informasjonen i Folkeregisteret er korrekt og av høg kvalitet. God oppnåing av desse samfunnsoppdraga avheng av at også utanlandske statsborgarar med rettar og plikter i landet kan identifisere seg med eit sterk ID-prov. Difor ser me frå skattestyremaktene si side fleire problem ved at menneske med lovleg opphald ikkje har slik ID, seier Holte til Vårt Land, og legg til:
Bestill abonnement her
KJØP