Nyheter

Ap-nestor: Stopp returen av unge til Afghanistan, Ap

Tidlegare forsvars- og utanriksminister Bjørn Tore Godal ber Arbeidarpartiet stoppe Sylvi Listhaug (Frp) og regjeringas tvangsreturar av unge.

Saka blir avgjort neste tysdag. Stemmer Arbeidarpartiet og Senterpartiet ja på SV-forslaget «om å iverksette umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkere til Afghanistan» frem til Stortinget har fått behandla eit anna Afghanistan-returforslag frå SV, MDG og Raudt, lir Solberg-regjeringa eit audmjukande nederlag.

Forlik

Asylsemja på Stortinget har fått eit brutalt andlet i haust:

130 einslege ungdommar frå Afghanistan skal tvangssendast heim fordi dei fyller 18 år innan året er omme. Alle har i dag mellombels opphald fordi dei er mindreårige. Alle søkte asyl i 2015.

Og: Medan Stortinget drøftar oppmjuking av forliket, er fleire blitt sendt heim til krigsherja Afghanistan – eller har rømt frå asylmottak i Norge for å sleppe unna politiet. Fleire melder at det er betre å leve på gata i Frankrike enn å få ein einvegsbillett til Kabul.

LES MEIR Skjemmes over returer til Afghanistan

Mellombels

Det var i fjor at Høgre og Frp fann saman med Ap og Sp om å fjerne rimelegvilkåret – som eit innstrammingstiltak: Barn kan kastast ut av Norge også når det er urimeleg, også når dei blir sendt tilbake til internflukt i heimlandet. Året før fekk berre 21 ungdommar mellombels opphaldsløyve fram til dei fylte 18 år. I fjor fekk heile 316 ungdommar den same statusen.

No ligg Norge i tet i Europa. Få regjeringar tvangsreturnerer så mange afghanarar som Solberg II.

Omkamp

Utkastinga av oktoberbarna – dei blir kalla så fordi mange har fått fastsett 18-årsbursdagen til ein dato i oktober av Utlendingsdirektoratet – har skapt strid i Arbeidarpartiet.

I oktober sa innvandringspolitisk talsmann Stein Erik Lauvås til Klassekampen at «Vi er stort sett enig i at det er svært utrygt å være i Afghanistan, men vi må forholde oss til det den norske regjeringen sier. Om de mener at det er trygt å returnere til visse deler av Afghanistan, må vi forholde oss til det».

Samstundes la SV og MDG pluss nykommar Raudt fram eit forslag om mellombels stopp av alle returar til Afghanistan: «(...) midlertidig stans i uttransport av asylsøkere til Afghanistan frem til et uavhengig ekspertutvalg har gjennomført en åpen vurdering av regelverk og praksis i disse sakene.»

Ap, som er tunga på vekstkåla, sa nei.

Partipress

Tre veker seinare er Ap i ferd med å snu. I tre veker har AUF, tidlegare Ap-statsrådar og ei lang rekkje lokallag lagt press på Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Meldinga har vore krystallklar: Snu.

Til Vårt Land seier tidlegare forsvars- og utanriksminister og eks-leiar av det regjeringsnedsette Afghanistan-utvalet, Bjørn Tore Godal, at partiet hans har berre eitt val når saka skal avgjerast i Stortinget om seks dagar:

– Stem for frys, gå for stopp i utsendingane av ungdommane.

LES MEIR Magre resultat i Afghanistan

Hastevedtak

Tysdag var det hektisk møteaktivitet på Stortinget. Fordi SV-MDG-Raudt forslaget, som blei lagt fram 23. oktober, krev lang behandlingstid, la SV fram eit nytt forslag: «(...) iverksette umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkere til Afghanistan.»

Stortinget avgjorde at forslaget kjem opp til debatt og votering neste tysdag.

På Aps møterom avgjorde partiet tysdag morgon at dei vil sjå på ungdomsutkastinga med nye augo. Men før dei eventuelt stiller seg bak SV-MDG-Raudts frysforslag, vil Ap gjerne høyre kva innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) har å seie om tryggleikssituasjonen i Afghanistan. Difor gjekk Ap tysdag saman med Senterpartiet, KrF, SV, Venstre, Raudt og MDG om eit brev til statsrådane der dei ber dei kome til Stortinget og greie ut.

Spår Ap-ja

Tre veker etter at Ap-Lauvås stilte seg bak Solberg-regjeringa, seier Aps innvandringspolitiske talskvinne Rigmor Aasrud til NTB at «det er nødvendig at vi hører statsrådene som sitter med ansvaret i regjeringen før vi tar stilling til realiteten i saken.»

– Gjennomgangar er alltid eit gode, seier den røynde eks-Ap-statsråden Bjørn Tore Godal til Vårt Land.

– Kan Arbeidarpartiet likevel ende opp med å stemme ned frysforslaget?

– Det tvilar eg vil skje, meiner Godal.

Avgjerd

Både Listhaug og Søreide kjem til Stortinget i dag. Etter deira utgreiingar, og eit ordskifte, går Ap i gruppemøte for å avklare kvar dei skal stå.

Det same gjer Senterpartiet, som er «uroleg for signaleffekten» dersom Stortinget instruerer regjeringa om å stope all retur til Afghanistan. Senterpartiets innvandringspolitiske talskvinne, Heidi Greni, seier til NTB at «Vi har selvsagt forståelse for at disse ungdommene er i en krevende situasjon. Det gjør inntrykk på oss alle å høre ungdommer fortelle om frykten for å bli sendt tilbake når de fyller 18 år.»

Greni understrekar at Senterpartiet ikkje har avgjort kva dei skal stemme neste tysdag.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter