Nyheter

Vest i Mali har dei pantsett framtida

I Tomora, vest i Mali, vil mennene til Europa for å sikre storfamilien eit betre liv. Difor har landsbyane mange enker. Her startar Normisjon eit prosjekt som skal få menn til å bli.

Heilt vest i Malis karrige landskap ligg regionen Kayes. I Kayes ligg kommunen Tomora. I Tomora ligg byen Oussoubidiagna. Her bur Makan, som saknar bestevenen Carlos. Framleis, mange år etter at han forsvann.

– Hans død var eit av dei mest katastrofale augneblinka i livet mitt.

Makan og Carlos vaks opp saman. Men ein dag gjekk Carlos tidleg frå skulen. Han måtte eit ærend. Han la ut på ferda mot nord. Carlos reiste gjennom verdas største ørken, Sahara. Han kom til kysten av Middelhavet der han kjøpte seg plass i ein båt. Men Carlos nådde aldri Europa. Han blei ein del av statistikken og forsvann i bølgene.

Difor har venen Makan vore med og skipe ein organisasjon, Ne Pars Pas en Mer som tyder Ikkje reis over havet. Målet er hårete. Dei arbeider for å snu folks tankesett, og vil at folk skal sjå at framtida ligg i Mali, ikkje i Frankrike. Dei arbeider for å stoppe migrasjonen som utarmar landsbyane, kommunen, regionen.

90 prosent av dei vel 120.000 maliarane som har slege seg ned i Frankrike kjem frå Kayes-regionen.

LES MEIR:

Ut på «eventyret»

– Ne Pars Pas en Mer kontakta oss med eitt spørsmål – vil Normisjon vere med og arbeide for det same målet; at Tomoras framtida ligg her, ikkje i Europa, fortel Bjørnar Lemvik, landkoordinator i misjonsorganisasjonen Normisjon.

I kommunen Tomora er Normisjon godt kjent. Norske utsendingar har arbeidd her sidan 1980-talet, med misjon og bistand. Organisasjonen har sett at lokalsamfunn i området er blitt utarma av migrasjon. Unge menn opplever at dei må reise, for framtida ligg ein annan stad.

– I Tomora snakkar dei unge om «eventyret»; at dei snart skal «ut på eventyret». Men det dei snakkar om er alt anna enn eventyrleg, påpeikar Lemvik.

Mot skyhøg betaling fraktar menneskesmuglarar maliarar gjennom Sahara, anten gjennom den vestlege ruta, til Marokko, eller gjennom den midtre, til Libya. Her ventar nye smuglarar med ledige plassar i overfylte gummibåtar.

I byen Oussoubidiagna lever dei framleis med det såre saknet etter at katastrofen råka byen med full tyngde i 2014. På ein og same dag drukna 45 migrantar frå byen i Middelhavet.

Når unge døyr slik, seier folk i Oussoubidiagna at framtida er pantsett.

Livsviktig migrasjon

Migrasjon er ikkje eit nytt fenomen i regionen. Heilt sidan dei store Mali-rika styrte i middelalderen til franskmennene koloniserte denne delen av Vest-Afrika på 1800-talet, har menneska i Kayes migrert. Dei blei tvinga til å betale skatt kontant, og for å klare dette, måtte dei vandre dit administratorane sat, i Niger, I Elfenbeinskysten, i Senegal - og arbeide der.

I våre dagar har utarmande tørker sendt hordar på vandring, særleg i 1973 og 1984. I Malis utanriksdepartementet har dei rekna seg fram til at nær fire millionar borgarar bur i eit utland.

I finansdepartementet har dei eit anna tal. Det seier at diasporaen er livsviktig. Knapt nokon annan afrikansk diaspora sender så store pengesummar heim som den maliske, om lag 820 millionar euro i 2017 - eller seks prosent av BNP.

I Oussoubidiagna får ingen hjelp frå staten, men alt frå dei som særleg har nådd Europa. Men kostnadane er høge. I Tomora kommune finn du landsbyar nesten utan menn.

Avslag på avslag

I Oussoubidiagna ser ein kven som har eit familiemedlem utanlands som sender pengar heim. I byen er betonghus synonymt med migrasjon. Akkurat som asfaltert gardsplass og hus med vatn og straum.

Difor fekk han berre avslag, den unge mannen som gjekk runden i byen og ba ti fedre om lov til å få gifte seg med dottera. Avslaga var innlysande: Mannen ønskte ikkje å emigrere - og han hadde heller ikkje ein bror i Europa.

Mannen fekk ja til slutt. Frå den 11. faren.

LES MEIR: Drukner i havet, lider i Libya-leirer

Endre mentalitet

Normisjon svarte «ja, me vil vere med» då Ne Pars Pas en Mer spurde om hjelp. Eit pilotprosjekt blei arbeidd fram. Etter søknad gav Norad 2,5 millionar kroner, og Normisjon stiller sjølv med 300.000 kroner. Prosjektet strekkjer seg fram til 2021. Då skal det evaluerast.

– Me skal byggje på den lokale endringsviljen, fortel landkoordinator Lemvik.

Saman med Ne Pars Pas en Mer har Normisjon, som har sendt ut ein prosjektleiar til Tomora, sett opp fire djerve mål for prosjektet:

Endre mentaliteten blant dei unge; gå frå å reise til å bli.

Vise at framtida ligg i Tomora; vise at vekst og utvikling er mogleg.

Bekjempe fattigdom; utvikle landbrukssektoren i kommunen.

Styrkje sivilsamfunnorganisasjonen Ne Pars Pas en Mer. Dei skal bli ein viktig aktør i arbeidet med å gjere regionen Kayes til ein attraktiv stad å bu og leve.

– Det første, og viktigaste Normisjon skal gjere, er saman med partnaren vår å engasjere folk i grupper. Desse gruppene skal arbeide med haldningsendringar og ulike måtar å ta ansvar for å byggje eige samfunn. Dernest blir det aktuelt å arbeide med tiltak som kan skape jobbvekst, mellom anna gjennom mikrofinans, forklarar Lemvik.

Verktøy for EU?

– EU, og Norge, ønskjer å få ned talet på migrantar som kjem til Europa - er Normisjon med dette prosjektet eit verktøy i EUs verktøykasse?

– Nei, slett ikkje. Normisjon sa ja til prosjektet fordi me har vore i Tomora i nær 40 år. Me ser at skal kommunen oppleve utvikling og vekst, må menn velje å bli.

Kjelder: Normisjon, Digni, Verdsbanken, Le Monde, EU

---

Mali

  • Namnet Mali er etter malinde-folket som grunnla Mali-riket.
  • Presidentstyrt republikk i Vest-Afrika, ligg i regionen Sahel, grensar til Algerie, Niger, Burkina Faso, Elfenbeinskysten, Guinea, Senegal og Mauritania.
  • Om lag 18 millionar innbyggjarar.
  • Er nesten fire gonger større enn Norge i areal.
  • Eit av Afrikas fattigaste land.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter