– Me skal ikkje ta barrekningane til grekarane!

Boren fram på eit valskred dundra Timo Soini og det EU-skeptiske partiet hans inn Riksdagen for åtte år sidan. Kvar femte finske veljar røysta på Sannfinländarna, og med det fekk Finland fire omtrent like store parti.

Ved å slutte massivt opp det høgrepopulistiske partiet gav finske veljarar klar beskjed om at dei ikkje lenger vil betale for dei økonomiske problema i Sør-Europa – og dei ønskte at Finland skulle føre ein stram innvandringspolitikk.

I 2015 kopierte Timo Soini valsuksessen, og tok eit stort steg for sannfinnane: Partiet kleiv inn i regjeringa, og den røslege partileiaren blei utanriksminister.

LES MEIR: Kristne i front i Finland i 100

Konverterte: frå lutheranar til katolikk

Timo Soini er ­katolikken som seier at pave ­Johannes Paul II påverka han til å bli ein sterk anti-kommunist og anti-ateist. Soini konverterte 27 år gammal.

Hans Damaskus-oppleving fann stad i St. Mary-katedralen i Killarney i Irland. På ein studenttur i 1987 gjekk Soini inn og sette seg på ein benk i kyrkja. Ei nonne spurde: «Vil du be no, ­eller seinare?»

Spørsmålet blei katalysatoren for Soini, som lenge hadde følgt pave Johannes Paul II og hans iherdige kamp mot abort.

I fjor overlevde utanriks­ministeren ei mistillitsvotering i Riksdagen etter å ha delteke i abortdemonstrasjon i Canada. Soini viste til ytrings- og religions­fridomen og sa han deltok som privatperson. Finlands sivilombodsmann var usamd. Han sa Soini som utanriksminister representerte Finland. Fleirtalet i Riksdagen støtta privatpersonen.

I mars kunngjorde veteranen at han takkar for seg i finsk rikspolitikk. Han tek ikkje attval til Riksdagen. Men partibyggjaren er uklår på om han stiller til val på nytt EU-parlament i mai. Fristen for melde seg går ut etter påske.

Bygde opp sannfinnane

Mannen som lukkast med å gjere dei høgrepopulistiske sannfinnane til eit statsbyggjande parti, med fem statsrådarar i dagens regjering, har mislukkast med å få partiet han skipa i 2017 til å stå støtt.

For to år sidan sprakk Sannfinländarna då partiet valde ein forskar i kyrkjeslaviske språk til ny leiar. Jussi Halla-aho, som i 2012 blei dømt for hets mot ei folkegruppe som følgje av eit islamkritisk blogginnlegg, låg langt til høgre i det innvandringskritiske partiet. Soini nekta å godta Halla-aho, tok med seg alle statsrådane og halve riksdagsgruppa og skipa eit nytt parti, Blå framtid.

Dagen før valet må Blå sjå at undergangen er nær. I mars viste målingar ein oppslutning på nær to prosent. Onsdag viste YLE, Finlands NRK, at berre 0,8 sa dei ville røyste på Blå. Partileiar Sampo Terho, som er Europa-, kultur- og idrettsminister får ikkje sete i Riksdagen.

LES OGSÅ: Vil fly 100 prester til Tyrkia

Finske regnbogeregjeringar

I det Finland samla seg rundt julefeiringa i 1991, blei landets mektige nabo oppløyst. Unionen av sovjet blei til 15 nye land.

For Finland betydde dette at deira viktigaste handelspartnar kollapsa, og økonomien blei fille­rista. For å styre nasjonen inn i rolegare farvatn gjekk fem parti saman om å styre landet etter valet i 1995. Regnbogekoalisjonen blei fødd – og har prega finsk politikk sidan.

Der dei andre nordiske landa held seg med to tydelege blokker, sosialdemokratar på eine sida og konservative og liberale parti på den andre, fann Socialdemokraterna og Samlingspartiet, Finlands svar på Arbeidarpartiet og Høgre, saman i regjering saman med det liberale Svenska Folkpartiet, Vänsterförbundet - som er Finlands svar på SV, og De gröna.

Ved seinare val har regnbogekoalisjonen på nytt søkt og fått makt. Seinast i valperioden 2011-2015 hadde Finland ei regjering med både Samlingspartiet, ­Socialdemokraterna, Vänsterförbundet, De gröna, Svenska folkpartiet og Kristdemokraterna.

Statsministeren er læstadianar

Ved førre val tok Finlands gamle stats­berande parti over statsminister­posisjonen. Centern var partiet til legendariske Urho Kekkonen. Han tok sete i Riksdagen i 1936, og sat med få unntak som medlem av ulike koalisjonsregjeringar samanhengjande frå 1936 til han blei valt til president i 1956. Kekkonen var så statsoverhovud i Finland i 25 år.

I tillegg til Sannfinländarna/Blå framtid, har dagens statsminister, Juha Sipilä, hatt med seg Samlingspartiet på laget. Men læstadianaren Sipilä får ikkje fornya tillit som regjeringssjef i morgon. Alt tyder på at Socialdemokraternas Antti Rinne overtek som sjef for statsrådet.

Andreplassen. Valets store kamp er kven som blir nest størst. På målingane i vinter har Samlingspartiet og Sannfinländarna følgt kvarandre. Lenge var Samlingspartiet Finlands neste størst, men på siste YLE-måling gjekk Sannfinländarna forbi.

Ulikt tidlegare år har Socialdemokraterna i år varsla at dei ikkje ønskjer å skipe regjering saman med det konservative Samlingspartiet.

Overgrep mot unge jenter

Under leiing av Jussi Halla-aho har Sannfinländarna most all motstand på høgre fløy i løpet av to år. Han har fått sterk drahjelp frå overgrepssaker der 17 kvoteflyktningar og asylsøkjarar er mistenkte eller sikta for overgrep mot jenter yngre enn 15 år.

Løysinga Halla-aho forkynner er å stengje Finland for innvandring, inkludert å seie nei til kvote­flyktningar. Då dei første overgrepa blei avdekte i desember låg Sannfinländarna rundt ni-ti prosent. No har dei passerte 16 prosents oppslutning.

LES MEIR: Borgerkrig i Finland

Freistar med pengar

Kristdemokraterna, Finlands KrF, har i ein valkrins valt å samarbeide med Sannfinländarna. KD-leiar Sari Essayah går til val på eit program som seier at Finland må føre ein «ansvarleg innvandringspolitikk», noko som betyr at landet berre skal ta i mot kvoteflyktningar. Essayah meiner 1.000 i året er nok.

Elles vender KD seg hovudsakleg til eldre og yngre, til familiar med barn. For å sikre dei fem seta KD har i Riksdagen lovar partiet 1.000 euro for kvar nyfødde finne.

Folketalet i Finland må opp.