Nyheter

Valdar minst skade - blir hardast råka

Kokekaret er botnen av ein ølboks, guten prøver å få kolbitane til å flamme opp. Flaumofra i Mosambik strevar med å få fotfeste.

Bilde 1 av 3

Mosambik ligg på 180. plass på lista over verdas beste land å bu i. Mosambik har berre ni land bak seg*. Mosambik blei særs hardt råka då syklonen Idai feia innover landet.

1,7 millionar menneske trenger hjelp, fortel kartleggingar med satellitt. Rundt 400.000 er heimlause. Nær 800 menneske er døde.

Mosambiks klimaavtrykk valdar lite skade; landet er for fattig til å bli ein stor klimaøydeleggjar. Men lidingane som følgje av klimaendringar valdar enorm skade i det lutfattige landet.

LES MEIR: Frykter koleraepidemi

Ropte varsko

Spolar me tilbake i landets nære historie, ser me at landet er særs utsett for vilt og vått ver.

For ti år sidan leverte Mosambiks National Disaster Management Institute eit illevarslande langtidsvarsel: Landet ville vere eit av verdas mest sårbare for klimaendringar – og risikoen for naturkatastrofar kom til å auke sterkt dei neste 20 åra. Studien sa at dersom ein samanlikna tidsromma 1960-2000 med estimat for 2046-2065, vil tørke auke med mellom 5 og 15 prosent, flaum med 10 til 25 prosent og stormar med opptil 25 prosent.

Den verste

14. mars feia det som truleg er den sterkaste syklonen på den sørlege halvkula nokosinne inn over Mosambik. Fleire stader blei det registrert vindstyrke på 50 meter pr sekund, noko som tilsvarar nedre grense for orkanar i kategori 3 i Atlanterhavet. Les: Verkeleg ille.

Vinden hadde ein følgjesvein; regnet. Difor blei store delar av Mosambik herja av flaum. Verdens matvareprogram (WFP) omtalar uveret som ein av dei verste verkatastrofene nokosinne på den sørlege halvkula.

Synlege klimaendringar

Så langt har ikkje forskarar gjort konkrete utrekningar av korleis syklonen Idai kan ha blitt påvirka av klimaendringane. Men den generelle tendensen mange stader i verda er at dei kraftigaste uværa blir kraftigare – og at nedbørsmengdene aukar.

Fire klimaendringar forverra tilhøva i Mosambik:

Høgare havtemeratur forsterkar stormar.

Høgare lufttemperatur betyr at meir regn byggjer seg opp, for så å bli slept ned. Dei dagane Idais regn hølja ned over Mosambik kom det nesten like mykje som i løpet av eit år.

I denne delen av det sørlege Afrika har tørken herja i år - noko som også er ein konsekvens av klimaendringar. Den harde tørre jorda evna ikkje å absorbere dei enorme vassmengdene som kom med Idai.

Havnivået stig som følgje av tilsig av smeltevatn frå Antarktis, og når den lågtliggjande kysten i Mosambik, som husar svært folketette område, blir utsett for ein syklon, blir store område lett sett under vatn.

– Syklonen Idai er ein tydeleg demonstrasjon av kor utsette og sårbare mange lågtliggjande byar og byar ved havet er for klimaendringar som forstyrrar det normale, seier Mami Mizutori til avisa The Telegraph. Ho er FNs spesialutsending for katastrofeforebygging.

LES OGSÅ: Eventyrlig skattejakt - lyktes ikke i Mosambik

Høg pris

350.org, ei internasjonal klimavaktbikkje, vaktar utviklinga i afrikanske land nøye. Landry Ninterets, leiar for Afrika-avdelinga, skriv i The Guardian at syklonen Idai viser fram den dei dødlege klimarøyndomane i Afrika:

– Sjølv om Afrika berre produserer fire prosent av verdas CO2-utslepp, er det dette kontinentet som betalar den høgaste prisen.

Ninterets peikar på at mange afrikanske land slit med særleg tørke og flaum, som veks i intensitet.

Milliardlovnad i Paris

På klimatoppmøtet i Paris i 2015, som resulterte i den sterkt omfamna Parisavtalen, sa rike land seg villige til å yte 100 milliardar dollar til eit klimafond innan 2020. Fondet skal hjelpe fattige land til å byggje opp infrastruktur som kan tåle villare og våtare ver.

Eit år før tidsfristen går ut, er mindre enn ti prosent av lova sum betalt.

* Norge ligg på førsteplassen på UNDPs levekårsindeks.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter