Nyheter

Folkevalde ønskjer aktiv dødshjelp

Land med liberalt syn på abort har også eit liberalt syn på dødshjelp. Europeisk autoritet på eutanasi spår lovendringar i Nord-Europa i løpet av ti år.

– Om eg var ei ung kvinne med eit veksande liv i min kropp, kunne eg fått hjelp frå helsevesenet til å avslutte det. Men ei gammal kvinne som meg har ikkje rett til å avslutte livet sitt eit par veker før sjukdommen gjer det. For meg er dette slett ikkje logisk, og det gjer meg sint.

81 år gamle Inga-Lisa Sangregorio fortel det svenske magasinet KIT.se at ho, via fleire legar, har gøymt unna legemiddel for å kunne avslutte livet når ho sjølv ønskjer. Den svenske kvinna har kreft, og ønskjer sjølv å avgjere når ho vil døy – om sjukdommen blir for tung å bere.

Ho blir provosert av at abort er lov, men ikkje aktiv dødshjelp.

LES MEIR Reiser til Belgia for dødshjelp

Ser samanheng

Professoren og legen Georg Bosshard peikar på det same: Å avslutte eit liv, i mors mage, er lov. Å avslutte eit liv når ein sjølv ønskjer det, er ikkje lov. Men han spår endringar.

Bosshard, som arbeider ved Zürichs universitetssjukehus – og er ein internasjonal autoritet på dødshjelp, seier det slik til KIT.se:

– Land med liberal innstilling til abort pleier også å ha ei liberal innstilling til dødshjelp.

Fleirtal i folket

Opinionsmålingar i nordiske land viser klart fleirtal til variantar av dødshjelp:

• Seks av ti svenskar seier ja til aktiv dødshjelp, berre 14 prosent seier nei, viser ei fersk måling KIT.se har fått utført i Sverige.

• Sju av ti danskar vil fjerne forbodet mod aktiv dødshjelp, viste ei måling analyseinstituttet You-Gov gjorde for Kristeligt Dagblad i fjor. Berre 11 prosent vil halde på forbodet.

• Sju av ti nordmenn er svært eller litt samde i påstanden «Legeassistert selvmord bør tillates for personer som har en dødelig sykdom med kort forventet levetid», viste ei måling utført av Norwegian Bioethics Attitude Survey i 2016. 20 prosent sa dei er svært eller litt usamde.

• I Finland har eit opprop som krev legalisering av aktiv dødshjelp samla over 50.000 underskrifter. Kravet er overlevert til Riksdagen

Spår lovendring

Professor Bosshard i Zürich trur det blir lovendringar nord i Europa innan ti år:

– Mange land i nordre Europa vil kome til å tillate dødshjelp i ei eller anna form. Vi får sjå om Sverige er med i denne gruppa, noko som ikkje vil overraske meg, seier han til KIT.se.

I Sverige har ei tverrpolitiske gruppe folkevalde byrja å drive saka opp og fram på den politiske dagsordenen. Gruppa som tel 18 medlemmer frå den svenske Riksdagen har representantar frå Socialdemokraterna, Moderaterna, Sverigedemokraterna, Miljöpartiet, Centerpartiet, Vänsterpartiet og Liberalerna. Berre Kristdemokraterna ønskjer ikkje å vere med.

LES MEIR Tida ute for dødshjelp

Canada påverkar

Blant talsmennene for å gjere aktiv dødshjelp lovleg i Sverige, er Staffan Danielsson frå Centerpartiet. Han er også ein av dei 18.

Han viser til den ferske meiningsmålinga i Sverige:

– Ei brei majoritet i folket er for å innføre ein strengt regulert rett, men nokre legar samt alle kyrkjer og politiske parti seier nei, seier Staffan Danielsson til Dagen.se.

Nye ja

Centerpartisten trur røynda som utspelar seg i ein del land også vil påverke skeptiske folkevalde, og viser til at 90 millionar menneske i USA og Canada har fått rett til dødshjelp i eller anna form. Nasjonalforsamlinga i Canada legaliserte legeassistert sjølvmord i 2016. Frå før har fleire delstatar i USA same rett.

Rett før jul sa den australske delstaten Victoria ja til å innføre legeassistert sjølvmord. Omtrent samstundes samla eit forslag om å innføre legeassistert sjølvmord fleirtal i første behandlingsrunde i nasjonalforsamlinga i New Zealand.

Er kristen

Riksdagsrepresentant Danielsson fortel Världen idag at livssynet hans ikkje hindrar han å kjempe for aktiv dødshjelp.

– Eg er sjølv kristen, men retten til ein verdig død bryt på ingen måte med mi kristne tru.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter