Når barnevernet får vite om forhold som treng tiltak, har dei plikt til å gjere undersøkingar. Då har barna ein juridisk rett til å få seie si meining. Den er presisert i fleire lovar og retningslinjer.

Men i ein ny rapport som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) legg fram fredag, kjem det fram at dette berre skjedde i 60 prosent av sakene.

«Det er de ansatte i barnevernet som har et hovedansvar for at disse blir overholdt og for å hindre at det oppstår vilkårlige maktovergrep mot personer i sårbare situasjoner», står det i rapporten.

Forskarane frå Norce, Universitetet i Bergen (UiB), NTNU og Universitetet i Tromsø (UiT), har gått igjennom 1123 saker frå 2015 til 2017 og sett på «barns medverknad». Rapporten er del av eit prosjekt frå Bufdir som ser på korleis barnevernet undersøker saker.

Oppgir ikkje grunn til å ikkje samtale

Dersom barn over sju år (eller yngre «etter alder og modning») ikkje blir snakka med, skal behandlaren i barnevernet begrunne kvifor ikkje. Rapporten viser at det i kun 1 av 5 tilfelle blei dokumentert ein grunn til å ikkje inkludere barnet.

«(...) noe som er klart i strid med gjeldende lovverk og tidligere anbefalinger», slår rapporten fast. 

Barna har ikkje plikt til å uttale seg. Det kan òg vere legitime grunnar til at det ikkje skjer. Men at dette ikkje blir oppgitt i dokumenta, er alvorleg, meiner forskarane.

I sakene kor dette faktisk var dokumentert, var dette dei vanlegaste grunnane til kvifor ikkje ungane fekk medverke:

• Alderen

• Barnet var i kontakt med andre instansar

• Uroa i saka var avklart eller ikkje naudsynt

• Ønske frå barnet eller foreldra

• Manglande språkforståing

LES ÒG: Barnevernet er overarbeida, men noko gjer at Jane har stått i jobben i 25 år

Rapporten: – Ikkje akseptabelt

«Det er uansett viktig at slike hensyn begrunnes i dokumentene. Å ikke snakke med et barn pga. språklige eller kognitive barrierer kan vanskelig ses som akseptabelt», heiter det frå forskarane i rapporten.

Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB) har i mange år kjempa for at ungane skal få seie sitt. Dei får ofte spørsmålet «kvifor er det viktig at barn får medverke?».

– Då likar eg å snu på det: Viss du blei ein del av ei endring på jobben, og ikkje fekk lov til å seie noko, korleis hadde du opplevd det?, spør nestleiar Thomas Johansen i LFB.

– At barn og unge får seie sitt, er heilt avgjerande for at tiltaka som blir sett inn faktisk skal fungere og opplevast som nyttige, seier han.


Thomas Johansen i LFB meiner barns medverknad har fått meir merksemd dei siste åra, og trur situasjonen er i betring.

Samtale fører til fleire tiltak

Dei gongane barnevernet snakka med barnet då dei undersøkte forholda rundt dei, blei det oftare sett i verk tiltak. For ungar over seks år enda 43 prosent av sakene med tiltak når det var samtale med barnet. Utan samtale var talet 26 prosent.

– Her har me ein jobb å gjere. Det er ikkje overraskande funn i rapporten, men dei viser at barns medverknad skjer for tilfeldig og for lite, seier nestleiaren i Landsforeningen for barnevernsbarn.

– Men dei siste åra har det vore eit formidabelt fokus på dette, som gjer at resultata kanskje ville sett annleis ut om undersøkinga blei gjort seinare. Det har vore eit paradigmeskifte, og trenden er heldigvis i ferd med å snu, seier Johansen. 

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) er heller ikkje oppløfta av rapportens resultat.

– Retten til medverknad er ein sentral rettsgaranti. Barna veit best sjølv korleis dei har det, og barnevernet treng å forstå det for å kunne vurdere barnets beste, seier han.


Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier det skjer store ting på barnevernsfeltet om dagen. Foto: Erlend Berge.

Trur ny lov fører til betring

Våren 2021 kjem forslaget til ny barnevernlov. Ropstad er overtydd om at ho vil betre situasjonen. 

– Den nye lova skal sette barnet i sentrum for barnevernssaka, og eg har stor tru på kompetansesatsinga vår, seier barne- og familieministeren. 

– Litt lenger fram, får me eit nytt system for saksbehandling, DigiBarnevern, kor ein må jobbe seg gjennom punkt for punkt. Der blir saksbehandlaren minna på: Har eg verkeleg snakka med ungane? Eg håpar og trur at det aukar sjansane for at det blir gjort riktig, seier han.

Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB) åtvarar mot at samtalen med barn berre blir eit punkt å krysse av.

– At når saksbehandlaren har spurt ungen i fosterheim om han har det bra, så er det gjort. Dette er ein prosess, og ei modning – både hos barnet og dei tilsette.

– Det einaste ein kan seie sikkert om barnevernet i Noreg: Det er enormt store forskjellar. Det spenner frå suksesshistorier til tragediar, seier Johansen. 

 

LES MEIR:

Akkurat da Nina Finanger tenkte at sønnen hennes hadde funnet retningen i livet, mistet han livet

• Veslemøy Østrem: «Jeg må innrømme at jeg tok feil da krisen traff oss»

• Austegard i Stine Sofies Stiftelse: – Jeg frykter at mange barn har hatt det verre enn noen gang