– Dei kinesiske selskapa har jobba direkte med den kinesiske regjeringa og har gjort Øst-Turkistan til eit dystopisk mareritt. Det fortel sekretær for Den norske Uighurkomiteen, Adiljan Abdurhim.

Uighurkomiteen har nyleg sendt brev til Etikkrådet kor dei oppmodar at dei straks går gjennom investeringane Oljefondet har i desse selskapa og seljer aksjane sine.

– Det er særs trist at pengane vi eig blir brukt til undertrykking og internering, seier Abdurhim.

Dystopisk mareritt

Tidlegare har Vårt Land skrive om korleis USA har valt å svarteliste ei rekke kinesiske selskap fordi dei bidrar til Kinas undertrykking av spesielt muslimske minoriteter. Oljefondet har investeringar på over 1,2 miliardar kroner i fleire av dei same selskapa.

Hovudsakleg er det snakk om Dahua og Hikvision – to selskap som utviklar og leverer overvakingsutstyr og tenester til det som blir omtala som konsentrasjonsleirer i Xinjang-provinsen i Kina. Utanfor leirane skal det også vere omfattande registrering, overvaking og undertrykking av religiøse minoritetar i området, mellom anna ved bruk av ansikt- og talegjenkjenning.

– Overvakingskamera er installerte ved inngangane til moskear, langs gater og til og med på landsbygda. Lokale folk er ikkje i stand til å røre seg eller snakke fritt når kvar rørsle blir spora av dei kinesiske styresmaktene, fortel Abdurhim.

LES MEIR: Oljefondet tungt inne i svartelista selskap. 

Apartheid

Etikkrådet til Oljefondet, ved Johan Andresen har tidlegare uttalt at dei ikkje gir førehandsindikasjon på om eit selskap som sel teknologi kan bli haldne for å vere ansvarlege for menneskerettsbrot.

Adiljan Abdurhim seier ein slik tankegang ikkje held mål sidan Dahua og Hikvision utviklar sine overvakingsystem i samarbeid med kinesiske styresmakter. Blant anna skal dei ha gjort det mogleg å registrere og gjenkjenne bestemte etnisitetar.

– Selskapa bidrar direkte til internering og undertrykking. Det heile kan minne om apartheid, seier Abdurhim.

Han meiner Oljefondet er med på å finansiere ei teknologisk utvikling som også andre autoritære regime kan sjå fordelar av.

– Når ein veit at teknologien som blir utvikla mogleggjer for menneskerettsbrot, er det særs viktig at Noreg, gjennom Statens pensjonsfond, sender signal, seier Abdurhim.

Stilt om Kina

Kina er ein viktig marknad for norsk eksport, trass i at tre fjerdedelar av handelen med Kina faktisk er import. Abdurhim meiner Noreg må forstå at Kina også har store økonomiske og strategiske interesser i landet vårt.

– Noreg har ein stor økonomi og ein viktig strategisk plassering for kinesiske interesser, seier han og peiker på dei arktiske områda.

– No må Noreg bli ein nasjon som dei sjølve seier dei er, med kjerneverdiar knytt til menneskerettane. Når det gjelder Kina verker det som det heile blir gløymt, seier Abdurhim.

 

LES MEIR: Kina advarer USA mot å kritisere behandlingen av uigurene