Nyheter

Tvilar på regimeskifte i Iran

Minst ti personar skal ha mista livet i demonstrasjonar i Iran dei siste dagane. Iran-ekspert er usikker på om regimeskifte er til landets beste.

28. desember tok folk til gatene i Irans nest største by, Mashhad, i protest mot stigande prisar og arbeidsløyse. Sidan har protestane spreidd seg til fleire byar, inkludert hovudstaden Teheran. Fleire hundre skal ha blitt pågripne av politiet, og minst ti har mista livet, ifølgje NTB.

Har bygd seg opp

Dette er dei største demonstrasjonane i landet sidan 2009, då det oppsto masseprotestar i fleire iranske byar etter at Mahmoud Ahmadinejad vart utropt som vinnar av eit omstridd presidentval. Demonstrasjonane varte i fleire månadar, og mange mista livet.

Årsakene til dagens demonstrasjonar har bygd seg opp over lengre tid, meiner Iran-ekspert og religionsforskar Kari Vogt.

– I utgangspunktet handlar det om den økonomiske situasjonen. Det er høg inflasjon og ikkje nok jobbar til alle. Dette går spesielt utover unge og kvinner, seier ho.

I tillegg har det vore valdsam prisauke på nødvendige varer.

LES OGSÅ: Tal på avrettingar i Iran er dobla

Ikkje fort nok

Då noverande president, Hassan Rouhani, først kom til makta i 2013, implementerte han omfattande velferdskutt, for å handtere inflasjon- og valutaproblem, ifølgje NTB. Etter fleire år med dette, byrjar folks tolmod å bli tynnsliten, seier analytikar Esfandyar Batmanghelidj i Europe-Iran Business Forum til nyheitsbyrået.

Rouhani sa søndag kveld at folket står fritt til å demonstrere, men åtvara samtidig mot bruk av vald. Måndag gjekk han ut mot demonstrantane og kalla dei «bråkmakarar og lovbrytarar».

– Landet vårt vil handtere denne minoriteten som ropar slagord mot lova og folks ynskjer, sa presidenten i ei kunngjering på nett.

Rouhani, som vann presidentvalet for andre gong i fjor, har sett seg som mål å rydde opp i den kaotiske banksektoren i landet, auke utanrikshandelen og få kontroll på inflasjonen. Men mange meiner arbeidet ikkje går fort nok.

LES OGSÅ: – IS opnar blodig front mot Iran

– Ikkje politisk

Ifølgje Vogt er det vanskeleg å vite kven som står i spissen for demonstrantane. Det var det også i 2009. Ho trur ikkje dagens demonstrantar først og fremst ynskjer politisk skifte.

– Det er mange forskjellege stemmer i dette koret som krev endring.

Ho tykkjer det er interessant at opprøret starta i Mashhad, ein by som ligg på grensa mot Turkmenistan, og ikkje i landets politiske sentrum, Teheran.

– I tillegg har dei ikkje kravd at demonstrantane som vart fengsla i 2009, skal sleppast fri, seier ho.

Ifølgje den Teheran-baserte politiske analytikaren Mojtabe Mousavi, kjem demonstrantane både frå den iranske arbeidar- og middelklassa.

Kan bli større

Opptøyane i 2009 vart slått tilbake, men har likevel hatt konsekvensar.

– Det at det skjedde, er vesentleg. Det var ein styrkedemonstrasjon, som viste at der er ei vilje i folket, seier Vogt.

Fredsprisvinner og iranar Shirin Ebadi, trur opptøyane som starta i romjula er «byrjinga på ei stor rørsle», som kan bli meir omfattande enn i 2009. Ebadi, som bur i eksil i London, peikar også på økonomien som årsaka til demonstrasjonane.

– Korrupsjonen i Iran er på eit uhaldbart nivå. Opphevinga av sanksjonane knytt til atomavtalen med Europa og USA har ikkje gitt folk reelle fordelar, i motsetning til det mange har forventa, sa ho til den italienske avisa La Republica.

Irans beste

Iran-eksperten er usikker på om demonstrasjonane vil føre til regimeskifte.

– Viss regimet faller, så er det heller ikkje opplagt at det vil vere til landets beste akkurat no.

Ho meiner at president Rouhant er innforstått med at mange iranarar ynskjer meir sosial fridom og at han er villig til å kome dei i møte.

– Men han har mange fiendar, spesielt blant dei konservative.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter