Tre typar høgskular
Med VID-fusjonen har ein fått tre ulike kristelege storhøgskular i Norge.
Ingun Moser er rektor og Bård Mæland er prorektor på VID vitenskapelige høgskole.
Evelyn Pecori
Studentar som i haust ønskte å studere teologi, diakoni eller sjukepleie, kunne byrje på éin ny, stor høgskule, VID vitenskapelige høgskole.
VID er ein fusjon mellom Diakonhjemmet Høgskole i Oslo og Sandnes, Høgskolen Betanien og Haraldsplass diakonale høyskole, begge i Bergen og Misjonshøgskolen i Stavanger. På veg inn er også sjukepleiarhøgskulen Diakonova i Oslo.
VID gjev utdanning innan helse- og sosialfag, teologi og diakoni samt samfunns- og leiarfag. Med unntak av gamle Misjonshøgskulen var alle dei andre høgskulane eigde av stiftingar. Misjonshøgskulen var eigd av Det Norske Misjonsselskap, som no er medeigar i VID. Høgskulen er organisert som eit aksjeselskap.
Bestill abonnement her
KJØP