Nyheter

Under president Donald Trump ekspanderer dronekrigen. USA, Norges NATO-allierte, byggjer no ein flybase nummer to i Niger for å få fleire droner på vengene over Sahel, og særleg grenseområdet mot Libya, som løyner islamistiske terroristar.

Frå før har USA bygd ein dronebase i Agadez, ørkenbyen midt i Niger. Men medan det er USAs luftforsvar som driv Agadez-basen, er det etterretningsorganisasjonen CIA som byggjer flybasen i Dirkou, ørkenbyen nordaust i Niger, fortel New York Times.

Avisa skriv at førebels er ikkje dronene i Dirkou væpna, dei har berre floge overvakingsoppdrag. Men snart kan dronene sveve over Sahara, klare til skarpe oppdrag, fortel kjelder til den amerikanske avisa.

USAs Afrika-kommando stadfestar at dei har utført fem droneåtak mot al-Qaida og IS i Libya hittil i år. Dronene kom frå basar på Sicilia – og i Niamey, Nigers hovudstad.