Nyheter

Tek hand om kaffi-inntektene

Fire soldatar kom til Aust-Timor for å sikre freden. Dei reiste heim med kvalitetsbønner i sekken. Eit kaffibistandsprosjekt sikrar ein landsby auka inntekter.

Magdalena Salsinha held fram ein handfull nyplukka kaffibønner, den nest viktigaste eksportvara frå eit av verdas yngste – og fattigaste land, Aust-Timor. Ved sidan av kaffi eksporterer den 15 år gamle nasjonen berre olje og gass.

Kaffi er faktisk verdas nest mest omsette handelsvare etter råolje. Drygt 70 land produserer råvarene til den brune bønnedrikken, og om lag 100 millionar menneske arbeider med kaffi i dei kaffiproduserande landa.

For mange land er kaffieksport ikkje berre ein viktig bidragsytar til valutainntekter, men står også for ein monaleg del av inntektsskatt og brutto nasjonalprodukt.

LES OGSÅ: Bitter kaffismak

Fredsskapar

I 2000 kom den australske soldaten Shannon French til Aust-Timor som fredsskapar. Han tilhøyrte ein internasjonal styrke, som med FN-mandat i ryggen skapte stabilitet i den utpinte øystaten, i sluttfasen av den indonesiske okkupasjonen.

På patrulje gjekk French ofte gjennom landsbyar som berre kunne by dei etterlengta fredsvaktarane på ein ting:

– Dei hadde ingenting, men dei kom fram og bydde oss plastkoppar. Vi stoppa og fekk søt, varm kaffi.

For dei få

Kaffien kom til Aust-Timor i 1860-åra, som då var ein portugisisk koloni. Raskt blei kaffibønnene den viktigaste råvara. Etter få år stod kaffi for vel 50 prosent av samla eksport frå den oversjøiske kolonien.

Men eigartilhøva var særs skeive. Kaffiplantasjane var eigde av nokre få portugisiske landeigarar, og lokalbefolkninga blei berre engasjerte under innhaustinga.

Då Indonesia okkuperte i Aust-Timor i 1975, etter at Portugals kolonirike gjekk i oppløysing, blei kaffien via lite merksemd, og eksporten fall dramatisk.

Sjølvstendekampen, som blei krone med siger i 2002; då blei Aust-Timor ein sjølvstendig nasjon, sette på nytt fart i kaffidyrkinga.

Møtte kaffibønder

I 2012 var Shannon French tilbake på Aust-Timor saman med tre soldatkollegaer, på eit av Australias siste fredsoppdrag i den unge nasjonen. French og Tom Mahon, Cameron Wheelehen og Tom Potter blei stasjonerte nær landsbyen Belumuhatu i høglandet.

På ein av dei mange vandringane møtte dei ein ung gut frå Belumuhatu. Han tok dei fire soldatane med til landsbyen. Her fekk dei vite at hovudinntekta var kaffi, som blei plukka frå viltveksande kaffiplanter. Men fordi bøndene måtte selje til ein mellommann, som underslo kvaliteten kraftig, sat dei att med heller lite.

Venskapen med den unge guten, som heiter Jack, resulterte i eit uvanleg spørsmål då dei fire soldatane skulle vende heim til Australia, etter avslutta oppdrag:

Ville dei hjelpe landsbyen med å få selt kaffien deira direkte til eit kaffibrenneri, slik at dei kunne gå forbi den lokale oppkjøparen?

«Kom heim»

Shannon French og dei tre kollegaane tok ein sjanse. Dei kjøpte ti sekkar, 600 kilo. Og dumpa dei heime i Melbourne hjå ein kaffibrennar dei kjende. Kvartetten hadde ingen straksplanar om å gå inn i nytingsindustrien, så dei reiste vidare til Kongo.

Men ein epost fekk dei heim:

«Gløym Afrika, de har verkeleg noko her, denne kaffien er svært god. Kom heim, no!»

Dermed hengte dei fire karane av seg uniformene og blei kaffiseljarar. No importerer selskapet deira, Wild Timor Coffee, opp mot 20 tonn kaffi årleg frå regionen som omkransar Belumuhatu. Kaffien, som blir selt i eigne utsal og kaffibarar, er sterkt etterspurt.

LES MEIR Kaffien treng bier

Sjukdomsfrie

Fordi mykje av timorkaffien veks vilt, er ein heilt særeigen kaffi blitt odla fram, ein blanding av dei to hovudsortane, robusta og arabica. Hybrido de Timor blir i dag dyrka utan bruk av plantevernmidlar, for plantene er ikkje herja av sjukdom, slik tilfelle er i mange andre kaffiland.

– Om nokon hadde sagt til meg i 2005, då eg signerte papira og verva meg til hæren, at eg skulle bli ein av fire direktørar i eit kaffikompani, hadde eg berre ledd av dei, fortel Cameron Wheelehen.

Betre framtid

I Belumuhatu haustar bøndene no større avlingar, og tek sjølve hand om fleire av prosessane som igjen sikrar dei høgare inntekter. Wild Timor Coffee brukar ein del av inntektene på sosiale prosjekt som betre utdanning, styrka helsetilbod og sikker vassforsyning.

Ein av dei fire tidlegare soldatane, Tom Potter, bur på Aust-Timor slik at kaffigründarane betre kan følgje opp Belumuhatu og dei omliggjande kaffilandsbyane. Saman med ein japansk bistandsorganisasjon lærer dei aust-timoresarar å bli endå betre kaffibønder.

Tener meir

Av verdas samla produksjon på drygt 150 millionar sekkar – der kvar sekk veg 60 kilo - står Aust-Timor i dag for rundt 1 prosent, eller rundt 100.000 sekkar.

Ein av fire hushaldningar i landet lever av det kaffiplantene gjev. I Belumuhatu tek dei sjølve hand om inntektene.

Kjelder: The Age, Al Jazeera, The Conversation, Bean Scene Magazine, Ceres Fair Food, Good Food

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter