Nyheter

Bitter kaffismak

Fyller du koppen med brun bønnedrikk frå Brasil, verdas største kaffiprodusent, risikerer du å drikke kaffi dyrka under ringe forhold.

Jul er høgtid for kaffikos. Ni av ti vaksne i Norge drikk kaffi, og kvar av oss heller ned kring 1.200 koppar årleg. Bryt vi ned tala frå Norsk kaffeinformasjon, viser dei at nordmenn drikk i snitt 3,7 koppar i kvardagen og 3,2 koppar på helgedagar.

Om lag 45 prosent av kaffien som kjem til Norge, er produsert i Brasil. Ingen andre land produserer meir enn dette søramerikanske landet. 55 millionar sekkar kaffi blei eksportert frå Brasil i fjor; drygt ein tredel av verdas kaffiproduksjon.

Vietnam er nummer to med rundt 15 prosent av verdsmarknaden. På tredjeplass kjem Colombia med om lag 10 prosent av produksjonen.

Bismakar

Fleire rapportar, som er laga av menneskerettsovervakarar, har dei seinare år avslørt at brasiliansk kaffi har bitre bismakar:

• Omfattande barnearbeid.

• Slaveliknande arbeidstilhøve.

• Bruk av livsfarlege plantevernmiddel.

• Dårleg verneutstyr.

Danwatch avdekte gjeldsslaveri, barnearbeid og mangel på arbeidskontraktar. Den danske vaktbikkja har dokumentert at kaffiarbeidarar arbeider under forhold som både bryt brasiliansk lovgjeving og internasjonale konvensjonar.

LES OGSÅ: Tek hand om kaffi-inntektene

Barnearbeid

Danwatchs kartlegging viser at barnearbeid er utbreidd. Brasilianske styresmakter veit ikkje kor mange barn som er sysselsett på kaffiplantasjane, men tal frå eit statleg analyseinstitutt, IBGE, fortel at i 2013 arbeidde 116.000 barn i alderen 5-17 år i landbruket i Minas Gerais, som er Brasils største kaffiproduserande delstat. Av desse var 60.000 under 14 år.

Nokre barn er for nesten liveigne å rekne, melder Danwatch, og fortel om to gutar på 14 og 15 år som blei sette fri frå slaveliknande arbeidstilhøve då statlege inspektørar aksjonerte på ein plantasje, og der Danwatch var med.

LES MEIR Kaffien treng bier

Ikkje rettvis

Repórter Brasil fortel at sjølv på klassifiserte plantasjar, som blir nøye overvaka, blir det ikkje oppdaga brot på regelverk. Organisasjonen peikar på kraftig underbetaling; arbeidarar får mindre enn halvparten av Brasils minimumsløn, arbeidarar manglar kontraktar og får ikkje pålagde medisinske testar.

Repórter Brasil har også avslørt bruk av falske Fairtrade-sertifikat.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter