Politikk

SV: Pengestøtte frå autoritære regime til norske trossamfunn er ein uting

SV skal gjere det me kan for å få ein så stram lov som mogleg, lovar talsmann Freddy André Øvstegård.

I vår skal Norge få ny trus- og livssynslov. Innan Stortinget tek ferie i juni skal loven vere vedteken.

I fjor blei dei fire regjeringspartia samde om eit straffepunkt i den politiske plattforma: «Trekke tilbake økonomisk støtte til trossamfunn som (...) mottar støtte fra stater som ikke praktiserer religionsfrihet.»

Men punktet var ikkje med i lovforslaget fagstatsråden, KrFs Kjell Ingolf Ropstad, sende til Stortinget.

LES MEIR: Moské fekk 6,6 millionar frå Saudi-Arabia 

SV: Bør slå ned på pengestøtte fra autoritære regime

– Me bør absolutt slå ned på pengestøtte frå autoritære regime til norske trussamfunn, seier SVs livssynspolitiske talsmann, Freddy André Øvstegård.

Han seier SV ønskjer å hindre pengegåver frå land som Saudi-Arabia til norske moskear, og lovar at SV skal gjere det dei kan for å få ein så stram lov som mogleg.

– Slik støtte er ein uting.

Stortingspolitiker for fremskrittspartiet (frp),
Silje Hjemdal fotografert ved litteraturhuset
Silje Hjemdal er livssynspolitisk talskvinne i Frp. Foto: Adrian Nielsen

Frp: Ein veldig viktig sak for partiet

I Frp seier livssynspolitiske talskvinne Silje Hjemdal at spørsmålet om økonomiske gåver frå land utan religionsfridom er «ei veldig viktig sak for partiet»:

– Me har ikkje sleppt taket i dette problemet, understrekar ho. Men Hjemdal kan ikkje her og no seie kva partiet vil gå inn for i arbeidet med ny truslov.

Frp gjekk ut av regjeringa eit år etter at straffepunktet i Granavolden-erklæringa blei formulert.

Sps talskvinne i livssynssaker, Åslaug Sem-Jacobsen, sender ut en etterlysning: Regjeringen må få på plass opplegget for utdanning av imamer.
Åslaug Sem-Jacobsen er livssynspolitisk talskvinne i Senterpartiet. Foto: Erlend Berge

Senterpartiet: – Vanskeleg

Åslaug Sem-Jacobsen, livssynspolitiske talskvinne i Senterpartiet, seier saka med å kople offentleg norsk støtte med religionsfridom i gjevarland er vanskeleg for partiet. På den eine sida skal Stortinget vere varsam med å regulere religionsfridomen. På den andre sida vil partiet verne menneskerettane.

Difor skræmer Saudi-Arabias støtte til Taiba-moskeen i København Sp-talskvinna:

– Eg forstår godt at det blir bråk i Danmark.

Sem-Jacobsen vil ikkje varsle kva Sp konkluder med før saka er drøfta i stortingsgruppa. Då Sp sat i den raudgrøne regjeringa, støtta partiet at Saudi-Arabia ikkje skulle få støtte moskear i Norge økonomisk.

For ti år sidan sa Aps utanriksminister Jonas Gahr Støre kontant nei til slik støtte.

LES MEIR: – Ekstremisme er Saudi-finansiert 

Ap-forslag: Samfunnskontrakt 

Ap er kritisk til finansiering av trus- og livssynssamfunn i Norge som kjem fra land som ikkje praktiserer religionsfridom, sier livssynspolitisk talskvinne Kari Henriksen.

Ho minnar om at Ap fremma forslag om at det skulle setjast krav til tilskotsmottakarar på visse område og at det skulle innførast restriksjonar for finansiering frå statar som ikkje fremmar religionsfridom.

Henriksen seier Ap ikkje vil fremme forslag ut over det regjeringa legg opp til, men ho trur kontrollen blir krevjande. Difor kjem Ap med eit forslag om å innføre ein samfunnskontrakt med trus- og livssynssamfunn, for å få vekk det Henriksen kallar «uønska finansiering».

LES MEIR:

Måtte velje mellom å vere imam eller ektemann

Danmark strammer grepet om moskeene

Koranbrenner kan bli valgt i Danmark

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk