Nyheter

Supportarhets mot «jødelag» - åtvarar før storkamp

Ajax og Tottenham er to europeiske toppfotball­klubbar som begge har ein sterk jødisk identitet. Det skaper store problem. Onsdag kveld møtest laga til kamp.

Bilde 1 av 2

Ropa ljoma utanfor De Kuip i Rotterdam, heimebanen til fotballklubben Feyenoord, i det spelarbussen til Ajax kom til kampen:

«Far var i leirkommandoen, mor var i SS, saman brann dei jødar, for jødar brenn best.»

LES MEIR: Muslimske foregangskvinner anklages for antisemittisme

Dagen var 27. januar i år. Det var klart for eit nytt såkalla hat­oppgjer mellom storrivalane i nederlandsk fotball, Feyenoord og Ajax. Men dagen var også den internasjonale Holocaustdagen; dagen til minne om frigjeringa av konsentrasjonsleiren Auschwitz, 27. januar 1945.

Fordi politiet overhøyrde ropa, blei fem arresterte og fekk bøter på 5.000 kroner kvar. For hate­fulle, anti-semittiske ytringar. «Kan ikkje tolererast», skreiv Rotterdam-politiet på twitter.

Jødiskprega by

Amsterdam, Nederlands største by, bar namnet «Jerusalem i Vesten» fram til andre verdskrig. Då Tyskland hærtok Nederland i 1940, budde kring 80.000 av landets 140.000 jødar i Amsterdam. Mange fann religiøst tolerante Nederland som ein godt land å bu i.

Frå to kantar hadde dei vandra til byen. Frå sør – frå Spania og Portugal – kom sefardiske jødar som hadde blitt jaga ut av katolske monarkar i det 15. århundret. Frå aust – frå Polen – kom askenasar, austeuropiske jødar jaga på flukt frå tredveårskrigen.

LES MEIR: Rapport: Urovekkende auke i antisemittisk vald

De Meer, Ajaxs gamle stadion, låg aust i byen, midt i det jødisk Amsterdam. Mange blei trufaste Ajax-fans. Ein av lagets profilar i mellomkrigsåra, var Eddy ­Hamel, son av nederlandske ­jødar som vende heim frå USA, og busette seg i Amsterdam.

Han blei gassa til døde i Auschwitz 30. april 1943.

Mange jødiske fans

Tottenhams jødiske bakgrunn er som Ajaxs. Nord-London var eit populært område for jødar som kom flyttande til storbyen på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet

Sjølv om både Arsenal og West Ham låg nærare dei jødiske kjernebydelane i nord, blei Tottenham valt av fleirtalet når ein skulle på fotballkamp. Dei kvite­ og blå var meir «glamorøse»,­ lydde forklaringa. Klubben med det latinske mottoet Audere est Facere – «Å våge er å gjere» – fekk mange jødiske fans.

Skipa Superjoden

Definerte som «jødiske» fotballklubbar møtte både Ajax og Tottenham – og særleg Ajax – stigande anti-­semittisk hets på 1970-talet. I ein freistnad på å ta tyren ved horna, tok supporterar til å bruke jødiske symbol aktivt.

LES MEIR: Jøder protesterer mot brenning av Judas-figur i Polen

Ajax-fans tok Israels flagg med på kampar, for det er pryda med Davidstjerna, dei kalla seg Superjoden; «superjødar», og for å kveikje laget til ekstra innsats på banen, byrja dei taktfast å rope «joden, joden, joden»; jøde på nederlandsk – og syngje den ­israelske folkesongen Hava ­Nagila kvar gong Ajax skåra.

Dei mest ihuga tatoverer også Davidstjerna på kroppen; eller «Ajaxsstjerna», som ho også blir kalla av dei som ikkje kjenner opphavet.

Lagar gasslydar

I London skipa Tottenham-fans Yid Army for å svare på hets frå motstandarlag. «Yid» er eit slangord for jøde, som historisk sett har ein negativ klang. Opp gjennom åra har mang ein bortekamp for Tottenham starta med at heimelagets supporterar lagar høglydte lydar: «physssss, physssss, physssss»

Gass som strøymer ut i konsentrasjonsleirkammer.

Prøvde forbod

Korkje klubbleiinga i Ajax eller Tottenham tykkjer godt om dyrkinga av den jødiske identiteten til laga, for dei anti-semittiske tilsvara frå motstandarfans er så harde.

Feyenoord-fans ropar «Hamas, Hamas! Joden aan het gas» til Ajax. «Hamas, Hamas! Jødane til gassen».

I 2013 prøvde Det engelske fotballforbundet (FA) å setje ned ­foten. Tottenham-fans fekk ikkje lov til å kalle seg Yid Army, ei heller rope «Yids, Yids, Yids» til laget, eller «he's a Yiddo» til einskildspelarar.

FA frykta ropa vil føre til langt meir alvorlege utsegner. I januar i år ba World Jewish Congress og Board of Deputies of British Jews Tottenham avslute bruken av «Yids».

Heng opp Yid Army-faner

FA-forbodet frå 2013 førte heller ikkje fram. Framleis heng Tottenham-fans opp Yid Army-faner pryda med lagets klubbsymbol, ein hane på ein fotball, på kampar. Og ropar «Yid Army» og «Yids».

LES MEIR: Tror på kunnskap mot antisemittisme

For som Storbritannias dåverande statsminister David Cameron sa det for seks år sidan: Det er ein skilnad mellom Spurs' sjølvoppfatning av å vere «Yids» og dei som kallar nokon «Yids» for å håne.

Eller som Ajaxs Superjoden og Tottenhams Yid Army seier det: Det handlar om identitet, ikkje religion.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter