Nyheter

Styrer trafikken med likekjønna lys

I Wien må du stoppe på eit raudt lesbisk par - og gå på eit grønt, akkurat som i Canberra. I København vil politikarar endre trafikale kjønnsinndelingar.

Canberra er hovudstad i Australia og den byen i landet med flest likekjønna par. Difor skrudde trafikketaten i byen opp nye trafikklys rett før jul. Dei tradisjonelle raude og grøne piktogramma blei erstatta med homofile par og lesbiske par.

Bakgrunnen var at hovudstaden ville markerer at loven som gjev likekjønna rette til å gifte seg i Australia var eitt år.

I Austerrikes hovudstad kom dei likekjønna trafikklysa opp i 2015 i samband med at Wien var vertsskap for Eurovision Song Contest - eller det som nordmenn kjenner best som Melodi Grand Prix.

LES MEIR: Løser Spjelkavik-strid

God respons

Responsen på dei kvinnelege og mannlege para som regulerte trafikken var så god at dei folkevalde gjekk for ei permanent løysing. Viseborgarmeister Maria Vassilakou trekte særleg fram turistane som gjorde byens nye trafikklys til særs populære fotoobjekt, melder byrådets heimeside.

– Trafikklysa er også eit kraftig signal om at likekjønna par er fullt ut aksepterte i Wien.

Sende signal

No vil København følgje i Canberras og Wiens lysspor.

Byens kultur- og fritidsborgarmeister, Franciska Rosenkilde frå det grøne partiet Alternativet, meiner det er viktig at storbyar sender signal om at ein vil romme ein variasjon av kjønnsinndelingar, ikkje berre dei tradisjonelle - symbolisert med tradisjonelle raud og grøne manne- og kvinnefigurar på trafikklysa.

– København er ein by med mangfald og me er frisinna, og det skal me våge å vise fram, seier Rosenkilde til Kristeligt Dagblad.

«Kjenne respekt»

Ho får støtte frå København-politikar Christopher Røhl Andersen. Han representerer partiet Radikale Venstre og meiner byen bør få LHBT-trafikklys:

– Det at fleire byar får lyssignal som ikkje berre er mann og kvinne, er ei spanande utvikling, og opplagt ein idé for København.

Røhl Andersen trur det vil føre til at alle kan kjenne seg respekterte og sjå rollemodellar i det offentlege rommet. I 2021 skal København arrangere World Pride.

Likestilling?

Kjønnsforskar Karen Sjørup trur ikkje likekjønna trafikklys vil utrette mykje for likestillinga:

– Men kvinner har jo lenge kjent seg plaga av at det ofte er eit mannleg symbol på gå- eller stålyset ved fotgjengarovergangane, så kanskje skal me byrje å skifte dei ut, seier ho til Kristeligt Dagblad.

Sjørup jobbar ved Roskilde Universitet.

LES MEIR: Fortsetter med samme kampsak

Ivrige tyske byar

Trafikklys er ikkje berre med på å vise fram fleire kjønnsidentitetar. Mange europeiske byar brukar lysa til å heidre byens kjente. Særleg er tyske byar oppglødde over å kunne vise fram bysbarn.

I Bonn styrer Ludwig van Beethoven trafikken. Bonns er komponistens fødeby.

I Mainz styrer dei høgt elska Mainzelmännchen; seks små særmerkte karakterar, Anton, Berti, Conni, Det, Edi og Fritzchen.

• I Trier, fødebyen til Karl Marx, lyser marxismens far opp.

I Augsburg styrer 1700-tals-karakteren Kasper dei gåande.

I Stuttgart har dei installert teikneserieparet Pferdle og Äffle.

Hovudstaden Berlin har den ikoniske Ampelmann, ein trafikklysfigur som blei konstruert av ein psykolog og som blei teken i bruk i 1969 i Aust-Berlin i det gamle DDR.

Heidrar Elvis

I Friedberg har dei gått til musikken for å finne byens lysmeister: Elvis Presley. Artisten var utstasjonert på den amerikanske basen i den tyske byen då han avtente verneplikta på 1950-talet.

Difor har dei montert ein raud og grøn hoftevrikkande Elvis.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter