Nyheter

Strammar inn abortretten

Donald Trump har lova å stramme inn retten til abort. Neste år skal han utnemne ny dommar til Høgsterett, som blir svært viktig for abortmotstandarane i USA.

– Trump har lova mykje han ikkje kan gå tilbake på, særleg til konservative kristne, og han har valt seg ein visepresident som blir garantisten for at lovnadane blir innfridde, seier Siri Gloppen, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

USAs nye visepresident, den konservative kristne Mike Pence, var guvernør i Indiana. Som ein sterk motstandar av abort innførte han ein av USAs strengaste abortlover på delstatsnivå.

Heile fire av fem kvite, konservative, lågkyrkjelege kristne – såkalla evangelikale – stemte på Donald Trump i presidentvalet, viser valdagsmålingar (les sak på side 8-9).

LES MEIR Musikalsk protest mot Trump

Får makt

20. januar neste år blir Trump sverja inn i verdas mektigaste verv. Så skal han byrje å levere det som er lova. I ryggen har Trump eit republikansk fleirtal i både Senatet og Representantanes hus.

I valkampen kom Trump med fire konkrete lovnader til abortmotstandarane:

• Utnemne konservative dommarar til Høgsterett som er mot abort.

• Signere vern av ufødd liv-lov, Pain-Capable Unborn Child Protection Act, som skal gjere slutt på smertefulle seinabortar landet rundt. Grensa for seinabort skal gå ved 20 veker.

• Kutte offentleg støtte til organisasjonen Planned Parenthood så lenge han held fram med å utføre abortar, støtta skal omfordelast til lokale helsestasjonar som yter omfattande helsetenester til kvinner.

• Gjere Hyde Amendment, eit lovtillegg frå 1976, til ein permanent lov for å hindre at skattebetalarar må betale for aborter.

Kontroll

– Dei konservative kjem til å få kontroll over Høgsterett i 25 år framover. Trump skal utnemne ny dommar, og tre av dagens dommarar er så gamle at dei truleg kjem til å bli erstatta dei næraste åra, fortel Gloppen.

Dei tre eldste i dommarkollegiet er høvesvis 78, 80 og 83 år gamle.

I USA har abort har vore lovleg – og svært omstridt – i 43 år. Sidan høgsterettsavgjerda i 1973 har tilhengjarar og motstandarar ført kampen i 50 delstatsforsamlingar, Kongressen i Washington – og domstolen, med Høgsterett som siste stopp.

LES OGSÅ: Trumps parti vil omvende homofile

Abortretten

I juni avgjorde Høgsterett at ein lov frå Texas, som kravde at abortklinikkar måtte ha sjukehusstandard, var grunnlovsstridig. Loven førte til at mange klinikkar måtte stenge for dei hadde ikkje økonomi til å innfri krava, og når klinikkar stengde blei mange kvinner avskorne frå å få utført abort; dei hadde ikkje råd til å reise langt eller betale for opphaldet på dyre klinikkar.

– Høgsterett kan kome til å behandle nye saker som omhandlar aspekt ved abortretten, det har vore fleire slike saker oppe for Høgsterett i nyare tid, seier forskar Hilmar Mjelde ved Uni Research Rokkansenteret.

Difor, seier både Mjelde og Gloppen, at det blir viktig for Trump å utnemne «sine dommarar».

LES MEIR Samla brei støtta blant konservative kristne

Grunnlov

– Kva kan Trump utrette, med fleirtal i både Senatet og Representantanes hus – kan han klare å innskrenke kvinners rett til abort?

– Vi kan kome til å sjå nye forsøk på å innskrenke retten, det har republikanske kongressar forsøkt før. Men dei vil stange mot retten til sjølvbestemt abort som er sikra gjennom 14. grunnlovstillegg, forklarar Mjelde, og legg til at på delstatsplan blir det innført mange restriksjonar.

I åra 2010-2016 vedtok amerikanske delstatar 334 restriksjonar som gjorde det vanskelager å få utført lovlege abortar, viser ei kartlegging frå Guttmacher Institute.

Fattige

Blant Trump fremste lovnader, er å kutte støtta til organisasjonen Planned Parenthood (PP). Kvart år får vel 300.000 amerikanske kvinner utført abort ved ein PP-klinikk – noko som gjer den private organisasjonen, som får mykje offentleg støtte, til ein av dei største abortformidlarane i USA.

– Får Planned Parenthood mindre støtte vil dette berre ramme ei gruppe, fattige kvinner, fortel Gloppen.

Likekjønna

I juni i fjor sa Høgsterett ja til likekjønna ekteskap i alle USA 50 delstatar.

– Kjærleiken vann, slo president Barack Obama fast.

Med fem mot fire stemmer sa landets øvste domstol at grunnlova gjev homofile og lesbiske rett til å gifte seg over heile landet. Det betyr at det er grunnlovsstridig for delstatar å forby likekjønna ekteskap gjennom lokale lover.

– Eg er for det tradisjonelle ekteskapet, har Trump sagt til Fox News.

Han er ein sterk motstandar av høgsterettsavgjerda, og ønskjer at dei 50 delstatane skal regulere dette.

– Eg trur ikkje Trump vil prøve å endre denne høgsterettsavgjerda. Her har skiftet i opinionen vore av ein slik karakter at det blir vanskeleg å reversere, meiner professor Gloppen.

Men ho trur Trump, og særleg visepresident Pence, vil vere oppteken av symbolsaker når det kjem til innstramming på LHBT-feltet. Med LHBT meines lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

I heimstaten Indiana blei Pence populær blant konservative kristne då han som guvernør underteikna ein lov som skulle gjere det lovleg for restaurantar og hotell å avvise homofile av religiøse grunner.

Loven blei modifisert etter kraftige protestar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter