Nyheter

Slik plukkar Norge ut kvoteflyktningar

FN har valt ut 1,445 millionar kvoteflyktningar for 2021, så Norge kan vrake og velje dei som vil høve best i landet. Det handlar om solidaritet, seier justisministeren.

– Norge vel ikkje ut dei mest sårbare når dei vel ut kvoteflyktningar.

MINOLTA DIGITAL CAMERA

Ingunn Bjørkhaug (bildet) er forskar på Fafo, og arbeider særleg med tema som flyktningar, seksualisert vald og Afrika sør for Sahara. Bak seg har ho feltarbeid i afrikanske land, mellom anna i ein flyktningleir i Uganda.

Menneske som har flykta frå alt blir kvart år vurderte av FN. Desperate menn og kvinner vonar at dei skal vere mellom dei utvalde på FNs prioriterte liste.

Nesten 80 millionar menneske er på flukt. Neste år, seier FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), treng 1.445.383 personar å få flytte ut av flyktningleirar og vidare til trygge tredjeland.

Dei er definerte som overføringsflyktningar, eller kvoteflyktningar. Og no er dei kasta rett inn haustens harde statsbudsjettkamp - og inn i den lange valkampen mot stortingsvalet 2021.

Tal-kamp på blå side

Høgres første prøveballong blei sleppt i mai: Stortingsrepresentant Stefan Heggelund sa Norge berre bør ta i mot 1.000 kvoteflyktningar årleg. Fem dagar seinare melde innvandringspolitiske talsmann Ove Trellevik at Høgre bør gå til val på null kvoteflyktningar.

I august var Frps innvandringspolitiske talsmann, Jon Engen-Helgheim like tydeleg: Ingen kvoteflyktningar til Norge i «uoverskuelig fremtid». På landsstyremøtet i september vedtok Frp at talet på kvoteflyktningar skal ned til «et minimum» neste år.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har kunngjort at han ikkje kjem til å stille ultimatum om dagens kvotenivå under haustens budsjettforhandling, medan statsminister Erna Solberg (H) har lekka frå budsjettet og opplyst at Høgre foreslår 3.000 kvoteflyktningar - og har altså avvist omkamp med Frp.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre har vist til at partiet gjennom ein «solidaritetspott» vil auke talet kvoteflyktningar frå 3.000 årleg til 3.500, mellom anna fordi det kjem få asylsøkjarar til Norge.

Kom med nye retningsliner

Midt i sommarferien sende justisminister Monica Mæland (H) ut Retningslinjer for arbeidet med overføringsflyktninger. Det reviderte skrivet erstattar eit frå 2015, og er laga av Justisdepartementet (JD) saman med Utanriksdepartementet (UD) og Kunnskapsdepartementet (KD).

I retningslinene for korleis Norges kvote med overføringsflyktningar skal veljast ut, seier justisministeren at overordna handlar det om solidaritet: «Norges tilbud om gjenbosetting av flyktninger er uttrykk for vilje til solidarisk å bidra til å løse situasjonen til flyktninger som lever under utrygge eller svært vanskelige forhold der de er. Norge har stor frihet med hensyn til valg av omfang og utforming av dette arbeidet». Retningslinene understrekar at «Norge skal legge vekt på UNHCRs anbefalinger i arbeidet med overføringsflyktninger».

Vel flyktningar mottakslanda ikkje ønskjer

Fafo-forskar Ingunn Bjørkhaug er kritisk til styresmaktenes framstilling av kvoteflyktningordninga. Når statsrådar og folkevalde forsikrar opinionen om at Norge vel dei mest sårbare, seier Bjørkhaug seg usamd.

– UNHCR vel ut dei dei vurderer til å ha størst behov for å bli flytta frå leirar til trygge tredjeland som kvoteflyktningar. Dette er ikkje nødvendigvis dei som utveljarlanda vil ha.

Bjørkhaug forklarar at desse to gruppene slett ikkje er identiske.

– Ulike vestlege land har ulike uttakskriterium. Medan nokre vil ha kvinner med barn ønskjer andre større grupper med LHBT-personar. Konsekvensen er at dei fleste av dei som verkeleg treng å bli flytta, blir verande i leirane. For dei er vanskelege «å selje».

– Kva tyder det?

– Dei kan vere sjuke, eller dei kan store helseplager. Dei vil vere vanskelege å integrere og koste samfunna dei kjem til dyrt.

– Kva vel Norge?

– For norske styresmakter er integreringspotensialet det viktigaste utvalskriteriet for dei fleste kvoteflyktningane. Dei som har rett alder og er ved god helse; unge, sterke menn - og barnefamiliar – som lett kan kome inn på arbeidsmarknaden etter kurs og norskopplæring.

I kvart uttak har Norge ei gruppe som heiter «medisinske saker» – eller om lag to prosent av den årlege kvoten.

– Dei som kjem i denne vesle gruppa er verkeleg «dei mest sårbare», men dei er så få, seier Bjørkhaug.

Må vere integrerbare i Norge

Konkurransen om å vere «mest sårbar», og dermed mest valbar for både UNHCR og mottakarlandet er ein del av dynamikken i ein flyktningleir. Paradokset, seier Fafo-forskaren, er at for å lukkast som kvoteflyktning må ein klare å vere sårbar nok til å bli valt ut av UNHCR, og integrerbar nok til å bli valt av Norge.

Ho fortel korleis flyktningar med kjøpekraft kjøper dei rette flyktninghistoriene av såkalla «caseworkere» som sel skreddarsydde livshistorier. Historia kostar ein bunke dollar, og styrkar sjansen til å bli valt ut som kvoteflyktning.

– Flyktningar gjer alt dei kan for å bli valt ut. For me snakkar om ei lottotrekning der alle vil vinne, men som har få vinnarar.

Bjørkhaug fortel om flyktningar som sit utanfor UNHCR-kontora i leirane dag etter dag, månad etter månad, i von om å få fortelje si historie og med det kome på lista. Over kvoteflyktningane.

I fjor blei berre vel 81.000 sendt til tryge tredjeland.

Fire grupper

I arbeidet med samansetninga av den årlege kvota, er det fire grupper som skal fyllast, seier retningslinene:

Hovudgruppa: «Grupper av flyktninger av en eller flere nasjonaliteter som velges ut i bestemte vertsland ved bruk av uttakskommisjoner. Dette utgjør hovedandelen av kvoten.»

Opne plassar: Går til einskildflyktningar som fell utanfor hovudgruppa.

Hastesaker: Uttak av kvoteflyktningar der det er mogleg å fatte vedtak på grunnlag av «forelagte dokumenter innen 48 timer».

Medisinske saker: Kvoteflyktningar med helseproblem - utgjer rundt «to pst. av den totale kvoten».

Har fem kriterium

Til grunn for sjølve uttaket, ligg fem kriterium:

• Behov for internasjonalt vern.

• Behov for gjenbusetjing.

• Barnefamiliar med barn under 18 år skal prioriterast.

• Utsette kvinner er ei prioritert gruppe.

• LHBTIQ+-personar skal prioriterast.

Plassane fordelte over tre år

Kvoteplassane kan brukast fleksibelt innanfor treårige rammer, seier dei ferske retningslinene. Plassar kan difor forskotterast og ubrukte plassar kan bli overførte til neste år – og «det samlede uttaket for treårsperioden sett under ett, skal ikke overstige det antallet som budsjettvedtakene i Stortinget gir rom for».

LES MEIR OM MENNESKE PÅ FLUKT

• Flyktningar flest er ute av syne for deg

• Norge kan ende opp med å ikkje hente brannofre frå Moria

---

Kvote

  • Under den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg (Ap) tok Norge 1.120 kvoteflyktningar årleg.
  • Mottaket er nesten tredobla under Erna Solbergs (H) borgarlege regjeringar.
  • 2008: 1.120
  • 2009: 1.120
  • 2010: 1.120
  • 2011: 1.380
  • 2012: 1.120
  • 2013: 1.120
  • 2014: 1.620
  • 2015: 2.620
  • 2016: 3.120
  • 2017: 3.120
  • 2018: 2.120
  • 2019: 3.000
  • 2020: 3.000

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter