Nyheter

Flyktningar flest er ute av syne for deg

Høyrt om Kutupalong? Enn Bidibidi? Eller Diffa? Alle tre er enorme flyktningleirar. Som alle er langt ute av syne. I Uganda har FN valt ut 125.000 kvoteflyktningar som treng nytt heimland.

Aldri før har så mange menneske vore flyktningar: Snart 80 millionar.

Altså, poengterer han som er sett til den store oppgåva med å hjelpe verdas flyktningar, Filippo Grandi: éin prosent av jordas samla folkesetnad er på flukt, anten i eige heimland, eller i naboland - eller på andre kontinent.

Aldri før har så mange flyktningar fått status som kvoteflyktningar: 1,445 millionar.

– Behovet for vern aukar, men det er eit enormt underskot på løysingar. Me treng fleire land som kan hjelpe oss med å finne trygge heimar til dei som treng det, seier Grandi i ei kunngjering.

Han er FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Flest kvoteflyktningar i Afrika

Verdas fremste flyktninghjelpar har lagt fram planen for komande år, Global Resettlement Need 2021. UNHCR seier at heile 1.445.383 personar treng å få flytte ut av flyktningleirar og vidare til eit trygt tredjeland. Dei har med det fått status som kvoteflyktningar, eller overføringsflyktningar.

Eitt kontinent dominerer totalt: Afrika. 617.000 av UNHCRs utvalde sit i leirar i afrikanske land.

Fem nasjonalitetar dominerer: Syria – fire av ti på høgkommissærens liste kjem frå det krigsherja landet. Så kjem flyktningar frå Kongo, Sør-Sudan, Afghanistan og Sudan.

Every week, the soap factory produces about 30 pieces of soap that these women from the Tuareg refugee community sell to the population. ; In Hamdallaye, in Diffa (Sayam Forage camp) but also in Niamey, Tillabéry and Ouallam, refugees have  been trained to make soap (pieces and liquid) and bleach in the past within the framework of UNHCR projects. This activity generates income but is also part of the national fight against the coronavirus. ; This image, video, audio or multimedia is copyrighted and may only be reproduced with permission from authorised staff at UNHCR. Images, video, audio and multimedia may only be used under licence for editorial use relating to UNHCR-supported issues and only where the content of the media is accurately represented and captioned. Use in a commercial or promotional context or for fundraising is not allowed without UNHCR’s consent. A credit is always required in the format '© UNHCR/Photographer' for photo images and '© UNHCR' for video, audio and multimedia unless stated otherwise.

To kvinner, to flyktningar, i Diffa i Niger produserer såpe for sal. UNHCR driv opplæring i leirane i Diffi for å gje dei arbeid som kan skape inntekter.

Svært få blei flytta til trygt land

Men avstanden mellom meldt behov og faktisk uttak av kvoteflyktningar er enorm. I 2019 blei berre 81.671 flyktningar flytta ut av leirar og sendt vidare til nye heimland. 29 land opna dørene. Eit av dei var Norge, som handplukka 3.949, opplyser UNHCR.

Topp-ti-lista ser slik ut:

• USA: 24.810

• Canada: 14.651

• Tyskland: 9.640

• Australia: 7.048

• Sverige: 5.408

• Norge: 3.949

• Storbritannia: 3.507

• Frankrike: 3.311

• Nederland: 1.433

• Spania: 1.193

Søkjer varig tryggleik

Dette betyr, forklarar UNHCR og Grandi, at berre 4,5 prosent av dei som kvalifiserer for å få flytte til eit tredjeland, blei flytta i 2019 – noko som betyr at «berre ein liten brøkdel av dei utsette fann ei varig og trygg løysinga på eigen situasjon».

Og, understrekar høgkommissæren i årets rapport: Med pågåande konfliktar som hindrar flyktningar å vende heim, eit overbelasta asylsystem som hindrar lokal integrering, og ein pågåande global pandemi, er behovet for busetjing i tredjeland meir presserande enn nokon gong før.

Ein leir med nesten 900.000 flyktningar

Hugsar du namna? Kutupalong, Bidibidi, Diffa?

Kutupalong er verdas største flyktningleir. Opp mot 900.000 flyktningar er stua saman i gigantleiren i Bangladesh. I haust er det tre år sidan dei vel 720.000 siste kom. Alle blei drivne ut av Myanmar fordi dei tilhøyrer den muslimske minoriteten rohingya.

Bangladesh og Myanmar har signert ein avtale om at flyktningane skal få vende heim, men rohingyaane sjølve nektar utan at dei får garantiar for at dei vil vere trygge i Myanmar - der fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi er øvste sivile leiar. Utdrivinga i 2017 og dagens forfølging av minoriteten har fått Den internasjonale domstolen (ICC) til å starte etterforsking av Myanmar. Aung San Suu Kyis land er skulda for folkmord.

Bangladesh arbeider med ein storstilt plan om å flytte 100.000 flyktningar til ei folketom øy utanfor kysten, for å lette trykket i Kutupalong. Relokaliseringa har ein stor hake; øya Bhasan Char blir sett under vatn ein gong i året, av flaum.

A child plays in zone 4, Bidibidi refugee settlement.

Barn blir fødde i flyktningleir, og veks opp i flyktningleir. I Bidibidi i Uganda kjem flyktningane frå Sør-Sudan og borgarkrig.

Koronapandemien hemmar hjelpearbeid

Eitt kontinent husar flest flyktningar. Heile 18 millionar menneske er på flukt i og til afrikanske land. Uganda er landet som tek hand om flest, 1,4 millionar flyktningar, der heile 882.000 kjem frå Sør-Sudan og 418.000 frå Kongo.

Bidibidi og Diffa ligg begge i Afrika, Bidibidi i Uganda og Diffa i Niger. Begge er ikkje tradisjonelle flyktningleirar, men større område der flyktningar bur side om side med lokalbefolkninga.

I Bidibidi arbeider Caritas Norge blant vel 230.000 flyktningar frå Sør-Sudan, særleg med FNs berekraftsmål nummer to: Utrydde svolt.

– Me har eit program som går på tvers av langsiktig bistand og humanitær assistanse som skal sikre at dei me hjelper, blir sjølvstendige og kan syte for seg og sine familiar, fortel Martha Rubiano Skretteberg, generalsekretær i Caritas Norge, til Vårt Land.

Korleis påverkar koronapandemien arbeidet til Caritas i Bidibidi?

– Pandemien har medført strenge restriksjonar i Uganda, og det har mellom anna vore forbode med offentlig og privat transport, samt at ein også innførte portforbod.

Bidibidi refugee settlement.

Covid-19 truar i Bidibidi i Uganda, folk blir bedne om å vaske hender. I Bidibidi bur om lag 230.000 flyktningar.

FN meiner land må hente 125.000 kvoteflyktningar i Uganda

Skretteberg seier at restriksjonane gjer det operative arbeidet vanskeleg, men at Caritas er blitt innvilga nokre unntak for å kunne utføre «naudsynt humanitært arbeid».

– Sett under eitt, kva humanitære utfordringar er mest prekære i Bidibidi i dag?

– Flyktningar og lokalbefolkninga er alle avhengige av tilgang til grunnleggande behov slik som vatn, brensel, husly og mat. Vidare ser me store utfordringar i å sikre integriteten til individa. Over 80 prosent av flyktningane i Uganda er barn og kvinner. Mange jenter og kvinner opplever kjønnsbasert vold, til dømes når dei må gå lange strekningar for å hente vatn, fortel Skretteberg.

Andre store utfordringar er mangel på sanitære forhold, næringsrik mat og trygge omgjevnader, fortel ho:

– På lengre sikt ligg utfordringa i korleis ein kan syte for at dei som bur der får ei framtid, og sikre dei eit levebrød, uavhengig om dei blir verande, reiser til andre deler av Uganda, til heimlanda eller tredjeland.

Neste år seier UNHCR at 125.000 flyktningar i Uganda bør flyttast til tredjeland. Som kvoteflyktningar.

Ute av syne, ute av sinn

I Diffa i Niger bur det 225.000 flyktningar, der 125.000 har flykta frå islamist-terrorgruppa Boko Haram i Nigeria. Nupi-forskar Morten Bøås seier desse menneska har flykta til ein av verdas fattigaste regionar. «Det er ingen sterke stemmer som snakker deres sak, og for journalister er det vanskelig å komme seg dit. Det er dyrt, tidkrevende og farlig», seier han til Journalisten.no.

Resultatet, seier Afrika-kjennaren, er at flyktningane i Diffa «som man nok objektivt kan omtale som en av de fattigste og mest marginaliserte gruppene i verden, kommer ut helt på bunnen av hva jeg kaller ‘det globale flyktningregnskapet’. Diffa-flyktningene teller ikke. De er de usynlige».

UNHCR meiner 13.700 flyktningar i Niger må få nye heimar i betre stilte land. Neste år.

LES MEIR OM MENNESKE PÅ FLUKT:

• Moria–barna er gutar frå Afghanistan

• Unge gutar flyktar frå ungt land

• Norge kan ende opp med å ikkje hente brannoffer frå Moria

---

På flukt

  • Nesten 80 millionar menneske er flyktningar, anten i eige land, eller i naboland, eller på andre kontinent.
  • Neste år har FN definert 1,445 millionar av dei nesten 80 som kvoteflyktningar som treng å bli busette i eit trygt tredjeland.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter