Skal drøfte JustUnitys arbeid
Med raus statleg støtte skal JustUnity arbeide mot radikalisering av unge. PST spør om selskapets mandat er utdatert.

På tre år har Yousef Bartho Assidiq og Faten Mahdi Al-Hussaini fått 2,9 millionar kroner i statsstøtte for drive JustUnity, som er organisert som eit ideelt aksjeselskap.
I Politiets tryggingsteneste (PST) undrar informasjonssjef Martin Bernsen seg over den siste setninga i organisasjonens formål som i Årsberetning 2017 er formulert slik:
«gi kunnskap og forståelse om årsaker til radikalisering, slik at dette kan motarbeides. Vi ønsker å skape bevissthet hos, og gi kunnskap til, ungdom om radikaliseringsmekanismer og ekstremisme. Samt arbeide med radikalisert ungdom for å tilby dem en vei ut av det radikaliserte miljøet de er, eller holder på å bli en del av.»
– Det kan høyrast ut som eit konkurrerande mandat. Når det gjeld sterkt radikaliserte, er det ein jobb for norske styresmakter, ikkje for JustUnity, seier Bernsen.
PST hadde ved oppstarten av JustUnity eit møte med selskapet for å avklare kva som var PSTs oppgåver og kva JustUnity kunne gjere.
LES MEIR: Merket av utenforskap
Døde
Bernsen i PST seier til Vårt Land at arbeidet med radikaliserte unge har endra seg markant på tre år.
– Ingen reiser lenger til Syria som framandkrigarar. Og når det gjeld dei som reiste, så er dei anten døde eller så sit dei i norske fengsel.
Styreleiar Erling Lae i JustUnity erkjenner også at samfunnstilhøva er endra sidan selskapet blei skipa.
– Ingen har evig liv. Men vi ser at radikalisering framleis er ei utfordring i muslimske miljø. Difor skal vi i haust setje oss ned og drøfte om vi skal omformulere formåla til JustUnity.
Velvilje
I mars 2015 inviterte statsminister Erna Solberg (H) muslimske unge som arbeider mot radikalisering og ekstremisme til eit møte. Mellom dei var Yousef Bartho Assidiq og Faten Mahdi Al-Hussaini.
Bakteppet var frykta for at nordmenn skulle bli radikalisert og reise til Syria for å krige. I 2015 hadde minst 70 reist frå Norge for å kjempe saman med terrororganisasjonen IS. Samstundes hadde heimvendte framandkrigarar utført terrorangrep i Paris, København og Brussel.
På møtet ba Al-Hussaini og Assidiq, som etablerte JustUnity same år, Solberg om statleg støtte - noko dei fekk. Over tre år frå og med 2016 til og med i år har dei fått 2,9 millionar kroner over statsbudsjettet.
Minus
Årsrekneskapen for i fjor blei gjort opp med underskot på 455.461 kroner. Samstundes hadde JustUnity pengar på konto, nesten 570.000 kroner ved utgangen av 2017.
– Det er snakk om eit teknisk underskot, seier styreleiar Lae, og lovar at selskapet ikkje skal gå i minus i år.
Lae forklarar at JustUnity, som har 2,2 årsverk, fekk så mykje i statsstøtte i 2016 at det ikkje var forsvarleg å bruke opp alle midla som blei løyvt for det driftsåret. Dermed blei løyvinga fordelt på to år.
«Hvis IMDi får inntrykk av at en organisasjon ikke innfrir kravet om god økonomistyring vil vi gjøre departementet oppmerksom på det. Vi har ikke sett behov for å gjøre det i forbindelse med tilskuddet til Just Unity», skriv avdelingsdirektør Morten Tjessem i Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet i ein epost til Vårt Land.
LES MEIR Frykter liberale muslimer favoriseres
Elevar
I tillegg til Al-Hussaini og Assidiq har JustUnity ein koordinator i ein 20 prosents-stilling. Selskapet har ingen dagleg leiar og betalar ikkje honorar til dei åtte styremedlemmene. Både Assidiq og Al-Hussaini sit i styret.
Hovudoppgåva er å vitje skular, flyktningmottak, vaksenopplæringar og kommunar. Årsberetning 2017 opplyser at 19 skular fekk besøk i fjor, og at det samla publikummet enda på 12.650 elevar. I fjor samarbeida JustUnity også med Det norske teateret om framsyninga Utafor, som hadde premiere i vår.