Klima

– Skadane er for små til at vi kjenner oss sårbare

Kyrkja er for opptatt av mennesket til å løyse klimautfordringane, meiner dansk antropolog. Ho trur ein ny klimareligion kan motivere til handling.

På ein konferanse såg antro­polog Cecilie Rubow ein anerkjent klima­forskar på talarstolen etterlyse ein ny religion som kunne løyse klimaproblema på jorda. Han var frustrert fordi all forskinga dei la fram hadde så lite effekt på politikk og på folk sin kvardag.

Det har motivert Rubow til å forske på samanhengar mellom religion og klima.

– Viss vi ikkje reagerer på ­vitskap og fakta, kva klarer vi då å reagere på? Teorien hans var at religion kan motivere folk sine verdiar, moralske horisont, og kjenslemessige plikt for verda. Eg var imponert og overraska av at ein nøktern fysikar hadde­ så enormt engasjement, men han visste ikkje kven han kunne adressere, seier Rubow, som er lektor på Københavns Universitet.

Fysikaren spurte forsamlinga om kva religionar som kunne hjelpe. «Dersom det ikkje finst ein religion som passar, kan vi lage ein ny religion?»

– Å spørje om ein ny religion med tanke på nytte er jo veldig naivt, og kan bli veldig ideologisk. Men at han stilte dette spørsmålet i ei vitskapleg høgborg, er interessant.

Motivasjon

– Korleis ser ein klimareligion ut?

– Han drøymde om noko som vil engasjere folk. Han var sikkert likegyldig til kva det var for ein religion, så lenge det hadde virka. Viss eg skal sjå føre meg i dagens samfunn, kvar det kan oppstå viktige miljøteologiske idear som kunne motivere folk, så måtte det ha vore i kristen­domen. Det er den største organiserte religionen her.

– Kan den skandinaviske folkekyrkja vere denne klima­religionen?

– Av det eg ser i Danmark, må det gå mange år før ein kristen teologi kan leve med klimaspørsmål, og at kyrkjelydane står bak det. Det må ein revolusjon til i den eksistensielt og ­humant orienterte teologien. Perspektivet i kyrkjelydane er veldig teknisk, at ein skal spare på vatnet, og spare på straumen, tiltak som ein har i mange kommunar. Omgrep som økologi og klima er abstrakte omgrep, og teologi er også abstrakt, så det er vanskeleg å vite kvar ein kan byrje.

LES REPORTASJEN: Mens folk koser seg i stekende varme på stranda, teller Veronica Sørensen og Ruben Haganæs ned mot dagen de ikke lenger har mat nok til å holde liv i kuene.

Midtpunktet

Prestar på 1600-talet i England hadde ei direkte forståing av mennesket som herre over resten av verda, ifølgje Rubow. Dei sette mennesket i sentrum, over naturen, og alt var skapt til mennesket. Dei hadde funne eit moralsk grunnlag for dette i Bibelen, at mennesket har blitt gitt denne rolla.

– Klarer ikkje kristen tru å løyse­ klimaproblema?

– I historia har ikkje kristne klart å sette jorda framfor mennesket, så ein kan seie at det har vore vanskeleg. Høyrer du derimot på ein økoteolog, framstår det jo som veldig enkelt. Men ­Jesus sa ikkje så mykje om jorda og klimaet, så det er ikkje så lett å basere det på skriftene. Kyrkja har vore for oppteken av mennesket sitt høve til Gud, på ein eksistensialistisk måte som ikkje tar med omgjevnadane.

– Er det animistiske natur­religionar som kan redde verda frå klimaendringar?

– Animistiske religionar guddommeleggjer naturen. Ein ny slik religion er det mange som førestiller seg, men eg kan ikkje sjå kvar han skal kome frå. Eg ser ikkje kven som skulle formulere det og organisere det. Ideologisk kan eg forstå at det er mange som vil følgje dette synet. Mange kan ha eit magisk og nesten religiøst forhold til naturen, men det er ­likevel ikkje ein del av livet. Ein vil på ski, ein vil på fjellet, ein vil ut og segle og ha store opp­levingar med naturen. Men det er ikkje slik vi lever liva våre, det er jo berre i fritida.

Ser ikkje krisa

– Kva er skilnaden på ein klimareligion og dagens grøne, politiske parti?

– I dag er politikk orientert mot økonomi. Alle politiske spørsmål handlar til slutt om budsjett, og der kan ein ikkje flytte så mykje. Det har vore ­rasjonelt i det 20. århundre, og det har gitt oss velferd. Men samtidig har vi vore oppslukt av det menneskelege. Ein religion vil derimot kunne seie at økonomi er ein del av noko større, nettopp naturen. Religion kan gi et langt tidsperspektiv, og det kan hjelpe til med å løfte blikket frå årleg fordeling av pengar.

– Kvifor tar vi ikkje inn over oss at vi er små og sårbare i møte med naturkreftene?

– Vi trur ikkje vi er små og sårbare. Landbruket er redusert dei siste 100 åra, så vi bryr oss ikkje så mykje om bøndene. Då merker vi ikkje at vi er sårbare. Vi synst det er deilig at det er varmt, då treng vi ikkje dra til Thailand om sommaren, så vi klarer oss fint! Det må ei felles utfordring til for at vi skal reagere. Skadane er for små til å kjenne at vi er sårbare.

LES OGSÅ: Golfstrømmen sakker farten og gir hetebølge

Teknologi

Det mest omfattande som finst av politikk for å løyse klimaproblema er Paris-avtala­ frå 2015. Den er mellom anna basert på å fjerne CO2 frå atmosfæren, for at verda ikkje skal bli meir enn 1,5 grader varmare. For å klare dette treng ein teknologi som ikkje finst enno.

– Teknologioptimismen, ­erstattar den religion?

– Nei, det syns eg ikkje. Koppe­vaksinasjon, erstattar den religion?­ Nei, det kan vi også sjå på i eit tenarperspektiv. Alle middel som kan hjelpe og mobilisere, og som er fredelige, vil kunne hjelpe til å nå målet. Ein kan vere from og seie at ein skal vere asketisk og at det vil hjelpe, men det passer­ ikkje i ei kapitalistisk verd. Det vil vere umogleg, seier Cecilie Rubow.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima