Nyheter

Sju land har henta barn frå Hellas - Norge krev minst åtte

Sju land har no henta sårbare barn frå leirar i Hellas. Men fordi regjeringa krev at minst åtte land hentar fysisk, må barna som skal Norge vente litt til.

Tre månader etter at justisminister Monica Mæland (H) steig fram og avslutta den interne striden i Solberg-regjeringa om å hente sårbare barn frå Hellas til Norge, har sju europeiske land henta større og mindre grupper frå leirar i Hellas.

Luxembourg og Tyskland var først ute med å hente bort. Så følgde Irland, Portugal og Finland etter. I august landa det barn i Belgia og Frankrike. I desse dagar sender Fedasil – Belgias svar på Utlendingsdirektoratet – 18 einslege mindreårige rundt til ulike mottakssenter, alt etter kva som høver best for det einskilde barnet.

Neste land ut?

Flokken på 18 har Belgia henta frå overfylte leirar på særleg Lesvos og Samos. Han tel 17 gutar og ei jente, og dei kjem frå Afghanistan, Syria, Iran, Somalia og Guinea. Yngste er ni år, eldste har akkurat fylt 18, opplyser Fedasil.

Bakgrunnen for relokaliseringa er at EU-land har gått saman om eit initiativ for å relokalisere 1.600 av dei mest sårbare barna frå leirar på dei fem greske øyane som ligg inntil kysten av Tyrkia. Programmet har fått namnet «No Child Alone».

EU-kommisjonen opplyser at to land er budde på snarleg å hente barn, fire til Slovenia og to til Litauen.

– Me vil prioritere dei som har familie i Litauen, som kan engelsk, russisk, fransk eller tysk eller har kjende på flyktningmottak i Litauen, seier pressetalskvinne Božena Zaborovska-Zdanovič i Litauens innanriksdepartement til TV-kanalen LRT.

I tillegg har Kroatia og Bulgaria lova at dei vil stille opp for einslege mindreårige som har kome seg til Hellas.

På vilkår: Minst åtte-ti land

Etter tautrekkinga i regjeringa, Høgre på ei side, KrF og Venstre på den andre, gav statsminister Erna Solberg (H) etter for presset og let justisminister Mæland kunngjere ei løysing 26. mai - der Norge slutta seg til EU-intiativet:

– På vilkår av at minst åtte–ti andre land i Europa realiserer sine uttak, vil regjeringa bidra og hente sårbare barn og familiar, som etter alt og dømme vil få opphald, frå leirane i Hellas, sa Mæland.

Bakgrunnen for striden i regjeringa var at greske styresmakter i fjor haust bad Norge om ta del i ein europeisk dugnad.

Status per september

I september er statusen denne:

Luxembourg: har henta 12 einslege, mindreårige barn.

Tyskland: 47

Finland: 25

Portugal: 25

Irland: 8

Belgia: 18

Frankrike: 49

I Justisdepartementet får Vårt Land opplyst at ein vurderer reknestykket slik:

• 11 land har sagt seg villige til å relokalisere

• To land har fullført uttaka, Luxemburg og Belgia

• Fem land har byrja på relokaliseringa

Vårt Land får vidare opplyst at departementet ikkje kan fortelje noko om korleis det norske uttaket skal organiserast før tida er inne.

To land er uteletne

Eigentleg har ni land per september fysisk henta barn frå Hellas. For Sveits har henta 23 og Storbritannia 16. Men landa er ekskluderte frå rekneskapen til justisminister Mæland og Solberg-regjeringa. Høgre-statsråden forklarte i juni, til Vårt Land, at Sveits og Storbritannia ikkje tek del i EUs relokalisering «No Child Alone». Begge land tek i mot einslege mindreårige i samsvar med plikter i Dublin-regel- verket.

LES MEIR OM HELLAS-BARNA:

• Vil ikke svare hva som er forberedt for Moria-barna

• Statsministeren tar oppgjør med Moria-debatt – kritikere «gjør ikke inntrykk»

---

Fakta:

  • EU-land har gått saman om eit initiativ for å relokalisere 1.600 av de mest sårbare barna frå leirar på dei greske øyane som ligg nær kysten av Tyrkia.
  • Norge slutta seg i mai til det europeiske initiativet, men regjeringa har stilt eitt krav: Minst 8-10 land må fysisk ha henta ut barn frå Hellas før Norge vil gjere det same.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter