Nyheter

Siterte bibelvers mot homofile - fekk sparken

Ikea sparkar ein medarbeidar etter at han siterte bibelvers og ytra motstand mot LHBT-rørsla. – Boikott Ikea, seiar polsk politikar.

Ikea har offentleg støtta LHBT-rørsla, noko medarbeidaren ved eitt av varehusa til Ikea i Polen reagerte på. Han protesterte på det interne nettverket til selskapet, før han skal ha fått beskjed om at han hadde mista jobben ved varehuset, skriv svenske Dagen, som igjen viser til den polske statskanalen TVP.

Mannen, som av blir kalla Tomasz K. av TVP, skal ha reagert på at Ikea i Polen organiserte ein solidaritetsdag til støtte for LHBT-rørsla.

– Eg blei opprørt, seier Tomasz K til TVP.

På det lokale nettverket til Ikea skal han ha skrive at sex mellom to menn er fælt og at det å oppfordre for homoseksualitet er å oppfordra til forderving. Han skal også ha lagt til to sitat frå Det gamle testamentet.

Sparken

Etter meldinga frå den polske mannen skal han ha blitt kalla opp av arbeidsgivaren og blitt fortalt at han måtte fjerna ytringa. Mannen skal då ha nekta.

– Som katolikk kan eg ikkje sensurera orda til Gud, forklarte mannen til TVP.

LES OGSÅ: KrF-arar møtte buing og tilrop i Pride-paraden

Etter at mannen nekta å fjerna ytringa gav Ikea mannen sparken.

– Eg er tilsett for å selja møbel. Eg er katolsk og dette er ikkje mine verdiar, seier Tomasz.

Blod og død

I ei utsegn på Twitter skriv den offisielle profilen til IKEA i Polen, at mannen mista jobben på bakgrunn av at dei ikkje tillét verbal aggresjon og krenkingar av verdigheita til nokon.

Dei utbroderer med at det ikkje var synspunkta til mannen i seg sjølv som var rota til sparkinga, men måten han uttrykte seg på. Den tilsette skal ha sitert frå Det gamle testamentet om skjebnen til homofile med referansar til daud og blod, skriv Ikea.

LES OGSÅ: Ti år med kjønnsnøytral ekteskapslov: 'Det er ordet ekteskap som er problemet'

Søksmål

No går mannen til søksmål mot den tidlegare arbeidsgivaren. Han meiner at Ikea diskriminerer både han og trusoppfatninga hans.

Bak mannen står den juridiske organisasjonen Ordo Iuris, ein organisasjon som har foreslått totalt abortforbod og fengselsstraff både for kvinner som tar abort og for legar som utfører dei. Fleire politikarar i regjeringa stemte for forslaget.

Hendinga har óg fått mektige politikarar til å ta bladet frå munnen. Justisminister Zbigniew Ziobro har kalla handteringa frå Ikea for «skandaløs og uakseptabel» medan politikaren Patryk Jaki frå det nasjonalkonservative partiet Pis, har oppfordra til boikott av møbelkjeda.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter