Nyheter

Sette 62 lover til side i to månader

Følgene av to månader med koronalova har forsterka humanitære kriser i Noreg, hevdar hjelpeorganisasjonar.

27. mai 2020 opphøyrde den første­ norske unntakslova i fredstid. I løpet av dei 61 dagane­ før det hadde regjeringa fullmakt til å endre på 62 lovar utan å måtte gå gjennom Stortinget – den eigentleg lovgivande makta.

«Koronalova» blei ho kalla. Med den kunne folk måtte jobbe­ meir overtid, offentleg tilsette kunne bli flytta frå éin etat til ein annan, møter i barnevernet kunne bli gjort digitalt, retts­saker utsett og ungar med særskilde behov kunne få eit ­vakuum utan spesialundervisning.

Men: Å endre på desse lovene skulle aldri gå ut over Grunnlova eller Menneskerettslova.

Endringar i ekspress

Fleire organisasjonar og juristar var uroa – både før, under og etter endringane – for konsekvensane desse kunne få.

– Me har full forståing for at ein måtte ta grep for smittevernet, men ein må kunne ha to tankar­ i hovudet samtidig. Konsekvensane av å ta bort ein del av desse tilboda har uroa oss, seier seksjonsleiar Thale Skybak i Redd Barna.

Koronalova skulle gjere det mogleg å legge til rette for ­effektive tiltak som var «nødvendige for å begrense forstyrrelsen av sentrale samfunnsfunksjoner» som følgje av covid-19. Blant tilboda Redd Barna peiker på som problematiske følger av lovendringa, er dei tilrettelagde avhøyra på barnehusa, ungane som mista spesialundervisning, barnevernsbarna som måtte bli følgt opp på video og dei som forsvann på heimeskule med valdelege foreldre.

– No når skulen er tilbake, må me sjå ein tydelegare innsats for barna i sårbare livssituasjonar. Det kom tydelege rettleiarar for handvask og gruppestorleik, men kor er rettleiaren til skulane­ om kva dei skal gjere for ungane­ som ikkje har hatt det godt, og som dei er urolege for? spør Skybak.

Krise for papirlause

Røde Kors ser allereie at korona­våren har ført med seg store humanitære konsekvensar. Dei måtte rigge om heile organisasjonen for å møte dei nye behova.

– Då det offentlege slutta å ­levere tenestar, skalerte me opp våre. Me har iverksett over tusen­ nye eller tilpassa aktivitetar som følge av pandemien, seier einingsleiar Ivar Stokkereit.

Ei av utfordringane dei no er uroa for, er helsa til papirlause migrantar. Ho har blitt verre for mange.

– Dei har ofte ikkje nettverk eller kjennskap til dei norske systema. Mange er skeptiske til styresmaktene på grunn av traumatiske opplevingar frå tidlegare­.Denne perioden har nok gjort at fleire har kvidd seg meir for å oppsøke helsehjelp, når dei vanlege tilboda deira har forsvunne, seier Stokkereit.

Røde Kors har sett alvorleg kreft, infeksjonar og store psykiske påkjenningar blant dei papir­lause migrantane no i etter­tid. Han synest der er trist at desse menneska har blitt svikta.

– Fleire av våre frivillige helse­arbeidarar måtte inn i andre­ oppgåver innan helse, og me sat igjen med minimalt med hjelp til denne gruppa. Særleg i Oslo opplevde me at kommunen ikkje følgde opp. Der ser me fleire­ med unødvendige og alvorleg store helseplagar, seier han.

Meir einsemd

– Pandemien er ein krisesituasjon me ikkje har sett maken til sidan krigen. ­Under ein slik situasjon måtte me prioritere tiltak for å handtere epidemien. Det kan dessverre ha negative konsekvensar for andre prioriterte oppgåver, skriv statssekretær Lars Jacob Hiim (H) i Justis- og beredskapsdepartementet til Vårt Land.

Unntaket frå helsepersonellova, som gjorde at helsesjukepleiarar kunne bli plassert til å drive smittetesting, skremmer Redd Barna.

– Som me veit, er isolasjon, einsemd og psykisk helse allereie store utfordringar hos barn og unge – og iallfall når skulen blir stengd. Her har helsesjukepleiarane ei viktig rolle, som dei ikkje har fått ha under pandemien, seier Thale Skybak.

– Me ser i dag at opphøyret av fleire tenestar har fått alvorlege konsekvensar for barn i Noreg. No er det viktig at me tar tak i det me veit, og sikrar dei ungane som treng hjelp, seier ho.

Ikkje normalt

Regjeringa meiner bestemt at dei har vore opptatt av sårbare grupper. Hjelp til for eksempel barn og valds­utsette kvinner har vore tema på pressekonferansar, og i revidert nasjonalbudsjett ligg ei tiltakspakke på 400 millionar kroner som skal betre situasjonen.

– Koronalova skulle bøte på dei negative konsekvensane smitteverntiltaka har hatt på samfunnet. Mellom anna har Barne- og famliedepartementet brukt lova til å forenkle tiltak for barnevernet, slik at dei kunne følge opp utsette barn og unge under krisa, seier statssekretær Lars Jacob Hiim.

Utan koronalova ville det tatt for lang tid å løyse problema pandemien førte med seg, seier Hiim. Unntaka for dei vanlege lovene gjorde for eksempel at domstolar kunne ta fleire saker skriftleg eller bruke video.

– Dette er ikkje ei lov me ville ha fremma under normale omstende, seier han.

Må evaluerast

Arbeidet med koronalova gjekk raskt. Så raskt at ei rekke juristar ba politikarane tråkke på bremsen. Men sluttresultatet blei betre enn dei frykta.

– Det var viktig at lova skulle vare kort, og at ho berre skulle nyttast når det ikkje var tid til å gjennomføre ein vanleg prosess for lovgiving. Det skjedde etter den viktige debatten rundt lova, seier Adele Matheson ­Mestad, direktør i Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM).

Ho peiker samtidig på at dei inngripande tiltaka i samfunnet blei gitt gjennom smittevern­lova. Der mangla mange av tiltaka vurderingar av forholda til menneskerettane, seier ho. NIM-direktøren berømmer uansett at forskriftene til koronalova blei sendt på korte høyringar, slik at Stortinget fekk eit betre grunnlag for å eventuelt nekte å vedta dei.

– Men lakmustesten er jo korleis dette har virka i praksis, og kva konsekvensar dette har fått for enkeltindivid. Det er det ­viktig at blir evaluert i ettertid, seier ho.

Koronakomiteen på Stortinget gav regjeringa klar beskjed i april om å etterkvart evaluere heile lovverket for krisehandtering.

Statssekretæren i Justis- og ­beredskapsdebartementet ­synest mange har gjort ein «fantastisk jobb» for å dempe konsekvensane i krisa.

– Eg vil rette ein stor takk til alle frivillige og privatpersonar som har stilt opp. Saman har me tatt kontroll over smitten, og ­saman skal me åpne opp og kome tilbake til ein ny normal, seier Lars Jacob Hiim.

LES MEIR

Korona har gitt kirken aha-opplevelser

---

Fakta:

  • Dette er blant lovene ­regjeringa i praksis kunne gi unntak for i to månadar:
  • Barnevernlova
  • Opplæringslova
  • Barnehagelova
  • Arbeidsmiljølova
  • Pasient- og brukarrettslova
  • Utlendingslova
  • Sosialtenestelova
  • Helse- og omsorgstenestelova
  • Helsepersonellova, helseberedskapslova og spesialisthelsetenestelova
  • Domstollova
  • Straffeprosesslova og straffegjennomføringslova

---

---

Fakta:

  • Lovas fulle namn: «Midlertidig lov om forskrifts­hjemmel for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av Covid-19 mv.»
  • Forslaget til lova (Proposisjon 56 L) blei godkjent i statsråd 18. mars 2020.
  • Lova trådte i kraft 27. mars og varte til 27. mai.
  • Frå Justis- og beredskapsdepartementet heitte det at lova skulle: «(...) legge til rette for forsvarlige og effektive tiltak som er nødvendige for å begrense forstyrrelsen av normale samfunnsfunksjoner (...), og for å avhjelpe negative konsekvenser for befolkningen, næringslivet, offentlig sektor og samfunnet for øvrig.»

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter