Nyheter

Senterpartiet følgjer Frps kvotekuttønske

– Eg følgjer Jon Engen-Helgheim og Frp eit stykkje på veg i synet på talet kvoteflyktningar til Norge, seier Senterpartiets Heidi Greni.

Med på komitéreisa til Libanon og Jordan var også den innvandringspolitiske talskvinna frå partiet som knivar med Framstegspartiet om plassen som Norges tredje største parti, Heidi Greni frå Senterpartiet.

– Me ønskjer at Norge skal ta i mot færre kvoteflyktningar enn det regjeringa gjer, seier ho.

I Sps alternative 2019-budsjett sette partiet årets kvote til 2.000 flyktningar.

– Me ønskjer å bruke meir pengar på å integrere dei kvoteflyktningane som allereie har kome, for kvoteflyktningar kostar meir å integrere enn vanlege asylsøkjarar, seier Greni.

LES MEIR: Flyktningmøte i Jordan sjokkerte Frp-Helgheim

Mottakssamling

Etter reisa til Libanon og Jordan med Stortingets kommunalkomité legg ho eit anna forslag på bordet:

– I dag blir kvoteflyktningane busette i kommunar straks dei kjem til landet. Eg meiner det vil vere langt betre å samle dei i mottak ei tid før utflytting til kommune. Her kunne dei saman få innføring i korleis det er å bu i Norge.

Greni peikar på at asylsøkjarar som får opphald i landet har budd på mottak ei tid, og med det knekt langt fleire kodar før utflytting til kommune. Ofte har dei brukt tida til å lære seg norsk.

Liberale krav i Ap

Senterpartiets regjeringspartnar gjennom åtte år går andre vegen. Arbeidarpartiets migrasjonsutvalg la i fjor fram ein rapport som sa at Norge skal ta imot «flere kvoteflyktninger», men då gjennom eit «meir rettferdig» system og kvoteordningar. Utvalget meiner Norge skal ta imot fleire kvoteflyktningar når asylsøkjartala er låge. I fjor kom det rekordfå asylsøkjarar til landet, 2.654.

Samtidig sier utvalet at «Antallet kvoteflyktninger, asylankomster og familiegjenforeninger skal sees i sammenheng for å bestemme hvor mange kvoteflyktninger man skal ta imot».

No pressar lokallag i Ap på for å få partiet med på ei langt høgare kvote enn regjeringas 3.000. Mange meiner 5.000 årleg er høveleg, for det har UNHCR bedt Norge om å ta imot.

Dei fleste av dei 18 forslaga på asyl- og innvandringsfeltet som er sendt inn til programkomiteen for Aps landsmøte 4.–7. april, går i liberal retning, melder NTB.

LES MEIR: Kvoteflyktninger takker nei til Norge

Kritikk mot Støre

Spørsmålet om kvoteflyktningar har vore vanskeleg for Ap. På landsmøtet i 2015 tok leiar Jonas Gahr Støre frå talarstolen til orde for at Norge burde ta imot 10.000 syriske flyktningar, men møtte intern motstand.

I ettertid blei Støre sterkt kritisert av Høgre og Frp for å ha sendt ut eit uheldig signal om liberalisering av norsk asyl- og innvandringspolitikk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter