Nyheter

Flyktningmøte i Jordan sjokkerte Frp-topp

Frps Jon Engen-Helgheim har besøkt syriske flyktningar: – For summen me brukar på 500 kvoteflyktningar til Norge, kunne me heller hjelpt 760.000 flyktningar i Jordan.

Bilde 1 av 3

– I Azraq møtte eg flyktningar som fortalde at dei hadde det mest naudsynte, tak over hovudet, mat og barna fekk skulegang. Men dei bør hjelpast med meir enn dette. Dei må setjast i stand til å vende heim, og er det noko dei aller fleste vil, så er det å vende tilbake til Syria, seier Engen-Helgheim.

Stortingets kommunalkomité har nett kome heim frå ei reise til Libanon og Jordan, to land som husar store grupper med syriske krigsflyktningar, rundt 1,5 millionar i kvart land.

Sjølv om partiet sa ja til budsjettavtalen i fjor haust, meiner Frps innvandringspolitiske talsmann John Engen-Helgheim at det er heilt feil politikk å hente kvoteflyktningar til Norge frå Libanon og Jordan.

LES MEIR:

Hentar 1.000 personar

I år skal inntil 1.000 kvoteflyktningar, eller overføringsflyktningar frå dei to landa, få eit nytt liv her i landet. Under rundane om statsbudsjettet for 2019, blei regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre samde med KrF om at me skal ta i mot 3.000 kvoteflyktningar i år.

I januar fordelte Justisdepartementet kvoten. 750 syriske flyktningar i Libanon og inntil 250 syriske flyktningar i Jordan skal bli henta til Norge i løpet av året.

Hjelpe fleire i Jordan

Han peikar på at FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har bede om tre milliardar kroner i internasjonal støtte til dei syriske flyktningane i Jordan, for å gje dei ein betre kvardag.

– UNHCR treng betre, langsiktig finansiering.

Difor ønskjer Engen-Helgheim ei omlegging i norsk flyktningpolitikk, vekk frå kvoteflyktningar, heller bruke meir i nærområda:

– For summen me brukar på 500 kvoteflyktningar til Norge, kunne me heller hjelpt 760.000 flyktningar i Jordan, så reknestykket sjokkerte meg.

Rapport-tal

Frps innvandringspolitiske talsmann legg tala frå Brochmann 2-utvalet om livsløpskostnadar til grunn for reknestykket.

I 2017 kom rapporten Integrasjon og tillit - Langsiktige konsekvenser av høy innvandring. Utvalet rekna ut at for flyktningar, arbeidsinnvandrarar og innvandrarar som har familiegjenforening som innvandringsgrunn, vil livsløpskostnaden for Norge i snitt liggje opp mot åtte millionar kroner per person.

Kvinner kostar Norge meir i året enn menn, 170.000 kroner mot 94.000 i nettoutgift, ifølgje Brochmann-utvalet.

– Har du møtt kvoteflyktningar som har kome til Norge?

– Ja.

– Ha du presentert reknestykket for dei?

– Nei. Eg har ikkje sagt at dei ikkje er velkomne. Eg rettar skytset mot politikken, ikkje mot flyktningar som har kome seg til Norge på lovleg vis, seier Engen-Helgheim.

Førebu heimferd

– Kva hjelp bør dei syriske flyktningane i Jordan særleg få?

– Dersom ein kunne ha flytta dei som bur i Azraq, som ligg i ein ørken, inn til meir urbane strøk, kunne ein ha starta hjelpeprogram som sikra dei jobbar, fleire kunne få betre utdanning. Jobb og utdanning er noko som gjeld alle syriske flyktningar, for me må kvalifisere dei til ein dag å vende heim og ta del i gjenoppbygginga av landet.

Engen-Helgheim er særleg oppteken av ei sak etter besøket i Libanon og Jordan:

– Verdssamfunnet kan ikkje overlate ansvaret for framtida til desse flyktningane til Libanon og Jordan. Difor må Norge bruke pengar her framfor å hente syriske flyktningar til Norge som kvoteflyktningar.

LES MEIR: Kvoteflyktninger takker nei til Norge

Motstand i Frp

Frp har sidan partiet gjekk i regjering i 2013, vore sterke motstandarar av å hente kvoteflyktningar til Norge. Men dei første åra måtte det gje etter for krav frå Venstre og KrF om å auke kvota.

I 2017 ønskte Høyre og Frp-regjeringa å bere ta imot 1.120 kvoteflyktningar i 2018. Budsjettforliket med Venstre og KrF enda med oppjustering til 2.120. Med Venstre i regjering la dei fram eit forslag om 3.000 i 2019, noko som blei vedteke.

Då KrF i januar gjekk inn i regjeringa, blei dei fire partia samde om at den årlege kvota skal liggje på 3.000 overføringsflyktningar, men Frp fekk pressa inn eit punkt som seier at dersom tilstrøyminga av asylsøkjarar aukar, skal kvoten ned; nivået på kvoteflyktningar «må sjåast i samanheng med andre innvandrings- og integreringsutfordringar, medrekna eventuell relokalisering frå EU».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter